Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Misnøgd med pasientbuss

Del | |
Kreftsjuke Torhild Vallestad reagerer kraftig på at mange må ta pasientbuss i staden for drosje etter behandling på sjukehus. Ho seier at det kan ta opp til 3,5 time frå Bergen og heim til Risa når ho må ta denne bussen.
Publisert 05.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Den nye ordninga fungerer dårleg. Å sitja trongt i ein minibuss, og kanskje venta i Bergen før og etter behandling og deretter på vidare skyss frå Knarvik, vert heilt forferdeleg når ein nettopp er operert eller har fått cellegiftbehandling, seier Vallestad.
Pasientbussen går fram og tilbake frå legevakta i Knarvik til Haukeland og Haraldsplass annankvar time.

Krangla om drosje
Vallestad har hatt brystkreft og fått operert bort eine brystet. Ho har og hatt cellegiftbehandling og skal no få strålebehandling. Ho seier ein må krangla for å få drosje når ein har vore på sjukehuset. Klokka halv ti på måndag skal ho på strålebehandling, og har fått beskjed om at ho må ta pasientbussen frå Knarvik klokka åtte. For å nå det må ho stå opp klokka halv sju om morgonen. Sjølve strålebehandlinga tek berre nokre få minuttar. Sjølv om cellegiftkurane truleg er tøffare, vert ein sliten av strålebehandling. Hadde ho hatt drosje kunne denne ha venta nokre få minuttar ved Haukeland, og så kunne ho har vore heime att vel ein time etterpå.

Mange har det verre
? Det er mange som har det verre enn meg, men som likevel må ta denne pasientbussen. Hadde eg vorte sjuk for eit par år sidan hadde det ikkje vore noko spørsmål om eg skulle få drosje. No skal ein spara pengar over alt, seier ho, og er heller slett ikkje sikker på at ein sparar så mykje. Ho har teke pasientbussen tre gongar, to gongar var ho åleine som passasjer og ein gong var dei to i bussen.
Ho reagerer og på at ho har fått sendt heim ein DVD som handlar om strålebehandling.
? Dette er vel gjort for å spara dei fem minuttane legen elles hadde måtta brukt på å informera pasientane. Snart må me vel operera oss sjølve også, seier ho oppgitt.

Dårleg komfort
Ho synest og det er merkeleg at pasientombodet tidlegare sa at det skulle verta så fint med denne pasientbussen.
? Det skulle verta mogleg å liggja i bussen og alle ting. Men sjølv om bussen er ny, er det altså ein vanleg minibuss. Det er i alle fall ikkje mogleg å liggja der, seier ho.
Ho bur på Risa, og dit går det ikkje buss. Likevel er ikkje dette nokon grunn for å kunna få drosje dekka av trygdekontoret, hevdar ho, og meiner at dei i så fall må leggja opp til at sjuke folk skal måtta køyra heim sjølv.
? Det skal sparast på alt i dag. Då eg opererte vekk brystet i juni, vart eg operert klokka eitt og vart skriven ut til sjukehotellet klokka halv fire, fortel ho.

 Pasientombodet vil følgja opp
? Ut frå slik ordninga med pasientbuss vart framlagt for oss, har me vore positiv til ordninga. Men dersom dette ikkje fungerer på den måten, vil me følgja opp saka, seier pasientombod i Hordaland Grethe Brundtland til Strilen.
Ho oppmodar Vallestad om å ta kontakt.
Brundtland fortel elles at poenget var at pasientbussen ikkje skulle vera ein vanleg minibuss, men ein svært behageleg transport for pasientane.
Ordninga med pasientbuss vart innført 15. august. Bussen skulle ta hovudstrekningane, medan det skulle vera vidare skyss på annan måte. Det var ikkje meininga at bussen skulle føra til meir venting og meir ubehageleg transport for pasientane. Brundtland har elles ikkje motteke klagar på pasientbussen fram til no. Men ho oppmodar altså dei som måtte vera misnøgde om å ta kontakt. Dei vil i så fall følgja opp saka.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt