Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Miste kjærasten, åtvarer andre

Del | |
Sambuaren til Kristin Hatten frå Alversund omkom då bilen han sat på med krasja i 164 km/t . ? Folk må forstå at det kan henda alle, ungdom må ikkje føla seg udødelege, seier ho. Fredag fortalde Kristin si histore for russen i Grieghallen i Bergen.
Publisert 22.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
28. juni i fjor raste livet til Kristin Hatten (22) frå Kvamsvåg i Lindås saman. Sambuaren Bjørn A. Gjerde var på veg til trening. Kristin skulle ringa han, men fekk ikkje kontakt. Telefonen ringte. Men det var ikkje Bjørn.
? Eg forstod med ein gong at noko var galt. Så får eg meldinga: «Bjørn er død».
Kristin hugsar ikkje kven det var som ringte. Og mykje av det som hendte dei følgjande dagane, er borte.
? Det einaste eg hugsar frå gravferda, er då han vart senka ned i grava, seier Kristin.
Det var ein kamerat som køyrde ulukkesbilen. På Straumeveien i Bergen er fartsgrensa 70 km/t. Kameraten køyrde i 164 km/t. Dei kom over i motsett køyrebane og kolliderte med ein møtande bil. Alle vart sitjande fast i vraka. Mannen i den andre bilen overlevde. Det gjorde også kameraten til Bjørn. Men 24 år gamle Bjørn A. Gjerde omkom. Tilbake sat sambuaren, ei 22 år gamal jente, med framtidsdraumane i ruinar.

? Tenk dykk om
Ni månader etter ulukka håpar ho å få folk til å forstå kor farleg det er å råkøyra.
? Folk må tenkja seg om. Dei må ikkje vera så egoistiske, ein er ikkje berre ein fare for seg sjølv. Ein kan og drepa heilt uskuldege, seier ho.
I går stod Kristin Hatten på scena i Grieghallen. Der fekk 2500 russ frå Bergen og nabokommunane høyra om ulukka og korleis Kristin opplevde det. Politiet og Norsk Luftambulanse prøver med dette arrangementet å få unge bilførarar til å vakna.
? Ungdom tenkjer gjerne at ein aldri skal døy, og alle trur at trafikkulukker berre er noko som skjer andre. Men det kan skje kven som helst. Ein veit aldri kva tid det er siste gongen ein har sagt hadet, seier ho. Ho håpar å få folk til å vera meir forsiktige i trafikken.
? Men det er vanskeleg å vita korleis ein skal få det til. Ein høyrer heile tida slike historiar sjølv utan eigentleg å reagera, seier Kristin. ? Men eg tykkjer det burde vera lettare å mista lappen.

Rettssak
Kristin Hatten har hatt kontakt med han som køyrde ulukkesbilen ein gong etter ulukka. I avisa stod det at han krevde å få att førarkortet. Då ringte Kristin til han for å høyra om det var tilfelle.
? Eg trudde ikkje det var sant. Men det var det.
Retten konkluderte med at han hadde køyrt i 164 km/t då dei kolliderte. Han vart dømt til fengsel i eitt år og tre månader. Førarkortet kan han få att etter fire år. Kristin får ikkje att Bjørn.

Tung kvardag
? Eg sat på med kameraten hans. Då gjekk eg sint ut av bilen, og sa til Bjørn at eg ikkje ville sitja på med han meir. Eg ville og at Bjørn ikkje skulle sitja på med han, seier Kristin Hatten.
Ho jobba tidlegare i butikk. Hausten etter ulukka klarte ho å ta til med førskulelærarutdanninga ved Norsk Lærarakademi på Breistein.
? Eg er glad for at eg byrja der. Eg hadde ikkje klart å jobba i butikk slik eg følte meg. Så lenge eg er i aktivitet på skulen, går det greit. Men med ein gong eg får tid til å tenkja, vert det tungt. Eg slit med konsentrasjonen og humøret, seier Kristin.
Ho fortel om ei absurd tid då rettsaka pågjekk. Frå forelesning til rettssalen og så tilbake til forelesing. Og tida legar ikkje alle sår.
? Det gjekk ei stund før eg byrja å køyra bil sjølv. Og framleis er bilulukker og dødsannonser det første eg ser etter når eg opnar ei avis.
Kristin fekk hjelp eit par gonger på legevakten, og hadde samtale med sjukehuspresten rett etter ulukka. Men det er først og fremst dei næraste som har hjelpt og støtta henne.
? Dei som sit att åleine etter ei slik ulukke, og ikkje har familie, må slita valdsamt, seier ho.

Grublar heile tida
Kristin er framleis sterkt prega av at sambuaren vart riven vekk frå livet.
? Eg går og grublar på det heile tida. Eg held fast på ting, Bjørn sin tannkost står framleis i glaset, og kleda ligg i skuffa. Det går ikkje an å koma over noko slikt. Men ein må jo prøva, det slit på familien og andre som er glade i deg. Eg prøver å smila og vera blid, men tankane er der heile tida.
Kristin seier at ho ikkje hatar kameraten som køyrde.
? Eg er vel bitter. Men hat er eit sterkt ord. Det inneber at ein unnar dei noko vondt. Det gjer eg ikkje. Men eg skulle ønskja at det gjekk opp for han kva han har gjort, seier Kristin Hatten.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt