Miste livet i frontkollisjon
EIKANGER: 30 år gamle Frode Andre Furnes frå Meland miste livet i ein frontkollisjon på Eikanger natt til 1. nyttårsdag.
Endret 03.01.12 12:07
To personbilar kolliderte front mot front på E39, like aust for Eikanger Hagesenter.
– Furnes miste nok livet momentant, seier Einar Vatne, lensmann i Nordhordland.
Føraren av den andre bilen måtte skjerast laus frå vraket, og vart så sendt til Haukeland Universitetssjukehus med ambulansehelikopter.
Dei to var åleine i bilane.
Påverka
22-åringen som kjørte den andre bilen, vart seinare søndag utskriven frå sjukehuset og kom heim. Politiet har ikkje gjennomført avhøyr, men dei har snakka med mannen, og klarlagt nokolunde kva som har skjedd.
– Det er 22-åringen sin bil som har kome over i feil kjørefelt, seier lensmann Vatne.
– Han er mistenkt for kjøring i rusa tilstand, sannsynlegvis er det tale om alkohol, seier Vatne.
På natta
Politiet fekk melding om ulukka klokka 02.15 natt til 1. nyttårsdag.
Politiet var saman med redningstenestene raskt på plass, utan at dei kunne berga livet til 30-åringen.
Den omkomne var på veg innover langs E39, medan 22-åringen var på veg i retning Knarvik.
Det skal vera ei minnemarkering på staden i ettermiddag (tysdag).
Eit steg vidare for «Gullvegen»
Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.
Blant Hareides topp tre
Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.
Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør
LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.
Kjørte på land i fylla
LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.
Siste kortnytt
- Fire beltegebyr på Fedje [22.02.12 15:38]
- Fekk dårleg samvit [22.02.12 15:38]
- Fyrverkeri på bensinstasjonen [21.02.12 10:22]
- Åtti i femtisona [21.02.12 10:21]
- Utforkjøring på Lauvås [18.02.12 21:51]
- Brosvik ny leiar i Gulen KrF [15.02.12 16:12]
- Elevdyst i sveisefaget [15.02.12 16:18]
- Overtek ny veg i Litlebergen [15.02.12 16:08]
- Stadvis svært glatte vegar [15.02.12 09:40]
- Opprykk for Masfjorden [13.02.12 18:28]
- Krimdominans på utlånsliste [13.02.12 18:22]
- Hjellebollar i Knarvik [13.02.12 18:19]
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Trafikksmell på Lindås [15.02.12 14:09]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Evas private spa [18.02.12 17:34]
- Ellevill NM-jubel [14.02.12 09:17]
- Men gjerdet var lovleg likevel! [15.02.12 16:06]
- Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja [09.02.12 18:54]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Protesterer mot «tvilsam» ankring [02.02.12 10:32]
- Kjørte på land i fylla [19.02.12 00:21]
- «I Nigeria då bilen vart stolen» [17.02.12 17:17]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
- Fekk krympa Lindåshallen [31.01.12 12:02]
- Brassfest i Bergen [11.02.12 13:34]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





