Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Møte om Rylandsvassdraget

Del | |
MELAND: Det skal lagast ein forvaltningplan for Rylandsvassdraget. Tysdag kveld vert det folkemøte på rådhuset.
Publisert 12.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Tom Sverre Tomren (KrF) er leiar for utvalet som skal arbeida med saka. Han oppmodar alle som har interesse for Rylandsvassdraget, om å koma på møtet. Dette gjeld enten at dei eig grunn rundt vassdraget, har hytte der eller er brukarar av området på annan måte.
? Dei innspela som kjem fram på folkemøtet vert førande for det vidare arbeidet, seier Tomren.

Næring og vern
Med seg i utvalet har han Rune Skår (Sp) og Atle Håtuft (FrP), Sveinung Toft frå administrasjonen og ein konsulent. Dei skal utarbeida eit forslag til forvaltningsplan for vassdraget, som seinare skal opp til politisk behandling.
? Det me skal sjå på er forholdet mellom næring, vern og friluftsliv. Det har vore ein del konfliktar rundt Rylandsvassdraget. Men samstundes må eg seia at forvaltninga av området har vore førebiletleg. I dag er dette eitt av dei best ivaretekne vassdraga i heile regionen, seier Tomren.

? Kom med innspel
Tomren oppmodar også dei politiske partia om å vera aktive. Eitt av dei områda han ser for seg bør drøftast, er graden av motorferdsle på vatnet. Det kan til dømes vera aktuelt å drøfta avgrensa storleik på båtar som skal ferdast der.
? Eg har sjølv opplevd at ein stor båt passerte forbi i stor fart då eg padla i kano der, seier Tomren.
Forvaltningsplanen vil leggja føringar på korleis området skal nyttast i framtida, og det er veldig viktig at innspel i saka kjem på eit tidleg tidspunkt i planfasen, påpeikar han.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt