Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Motorsyklist omkom i frontkollisjon

Motorsyklist omkom i frontkollisjon

Del | |

MELAND: Ein motorsyklist omkom etter ein kollisjon ved Steinberget på Ryland tysdag kveld.

Publisert 25.10.11 19:04
Endret 26.10.11 12:19

Ulukka skjedde ved 18.30-tida, då ein større personbil med hengar og ein motorsykkel kolliderte.

– Ulukka skjedde i ein kurve og mortorsyklisten, som kom nordover, omkom på staden. Han er ein familiemann på 42 år med born og busett i Åsane, opplyser fungerande lensmann Sigmund Erstad til Strilen onsdag føremiddag. Namnet var då ikkje frigjeve.

Erstad opplyser vidare at det er oppretta kriseteam for den omkomne sin familie. Føraren og ein passasjer som var i den møtande personbilen, får tilbod om tilsvarande hjelp lokalt, via kommunelegen i Meland.

– Me fekk melding om ulukka klokka 18.35, opplyser Preben Wallestad ved Hordaland Politidistrikt sin operasjonssentral til bt.no tysdag kveld.

Både politi og ambulanse rykka straks ut.

– Luftambulanse er også på plass, opplyser ein person på staden til Strilen like før klokka 19.00. Etter kvart viste det seg at forsøk på gjenoppliving ikkje førte fram.

– Føraren av personbilen og passasjeren kom frå kollisjonen utan fysiske skadar, opplyser Sigmund Erstad.

Vegen vart stengt til seint på kveld for å få gjort åstadsgranskingar.

– Dei vart utført av politiet sine folk frå krimteknisk avdeling i Bergen og åstadsgruppa til vegvesenet, seier Sigmund Erstad.

Ulukka skjedde på Steinberget på Ryland. Fastbuande i området har gjennom mange år kjempa for å få sett ned fartsgrensa på staden.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt