Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Motstand mot stor ungdomsskule

Del | |
LINDÅS: Flytting av ungdomstrinnet frå Alversund til ein stor ungdomsskule i Knarvik er ein av dei mest aktuelle løysingane for skulesituasjonen i søre delen av Lindås. Men i Knarvik er samarbeidsutvalet negative til dette. (Illustrasjonsfoto frå Knarvik Ungdomsskule: Jens A. Wiken)
Av
Publisert 23.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Me er imot ein stor ungdomsskule i Knarvik for både Alversund og Knarvik, heiter det i ein uttale frå samarbeidsutvalet. Dei hadde møte på måndag.

I staden meiner dei at det må byggjast ein eigen ungdomsskule i Alversund for elevane der.

Dei viser og til at ein felles ungdomsskule etter prognosane vil få over 500 elevar om få år, og vil då vera blant dei største i landet. Dei meiner at ein så stor skule er uheldig med omsyn til framandgjering, disiplinproblem, mobbing og lite vaksenkontakt.

? Me er nøgde med den skulen me har, og vil ikkje ha uønskte endringar pressa på oss. Problema ved Alversund skule kan ikkje løysast ved ei tvangssamanslåing, heiter det i ein uttale frå møtet.

 

Skeptiske

Ein del foreldre er og skeptiske til ein situasjon med ein stor ungdomsskule tett ved ein vidaregåande skule med snart over tusen elevar. Ei samling av kanskje 1500 unge i alderen 13 til 19 år på eit lite geografisk område, vil vera vanskeleg å handtera, meiner dei.

Den andre aktuelle løysinga er ein ny ungdomsskule i Alversund, skild frå barneskulen. Flytting av ein del Leiknes-elevar til Ostereidet ungdomsskule har og vore drøfta. Men dette har FAU i Knarvik, der og foreldra til Leiknes-elevane er med, vore negative til.

Varaordførar i Lindås, Kåre Gaulen (KrF), seier at han først skal ta stilling til denne saka når alle sider ved dei ulike alternativa har kome på bordet. Arbeidsgruppa som arbeider med denne saka har frist til 1. april med å koma med eit forslag.

? Det er klart at me har kome bakpå når det gjeld infrastruktur i dei søre delane av Lindås. Men me prøver no å få fram gode langsiktige løysingar både når det gjeld skule og anna, seier han.

 

Vil ha to skular

Rektor Helge Brekke ved Knarvik ungdomsskule er sterkt imot å slå saman ungdomsskulestega i Alversund og Knarvik.

? Når elevtalet passerer 300 får ein mindre kontroll og oversikt over elevmiljøet, seier han.

Han viser og til tala frå konsulenten som arbeider med saka. Desse viser at ein stor ungdomsskule i Knarvik kjem til å kosta rundt 133 millionar kroner. Ein eigen ungdomsskule i Alversund kostar rundt 75 millionar kroner. Dersom ein byggjer ein eigen ungdomsskule i Alversund, vil ein altså framleis ha rundt 60 millionar kroner til å utvida Knarvik ungdomsskule samanlikna med ein felles ungdomsskule. I tillegg seier Brekke at det kan vera aktuelt for ein privat aktør å medverka til at utvidinga av Knarvik ungdomsskule kjem i gang.

? Eg kan ikkje forstå at ein ikkje går for to ungdomsskular, når dette er det beste for elevmiljøet og det truleg ikkje vert dyrare enn å samla alle på ein ungdomsskule, seier Brekke.

Han har tidlegare erfaring med både store skular og 1-9-skular. Brekke seier og at han i si tid rådde frå å byggja ein 1-10-skule i Alversund. Elevane har godt av eit miljøskifte når dei byrjar på ungdomsskulen, meiner han. Men samstundes har han stor respekt for det fine arbeidet rektor og dei tilsette i Alversund har gjort over mange år.

 

Bremsa bustadbygging

Rektor ved Alversund skule, Birger Tomasgard, meiner at ei samling i Knarvik er den beste løysinga. Ein slik skule vil i første omgang få rundt 300 elevar, men elevtalet i begge skulekrinsar er i sterk vekst. Dersom kommunen også godkjenner ei storstilt utbygging av opp til 1000 nye bustader i Juvikstølen og Lonene, vil denne ungdomsskulen kanskje få mellom 500 og 600 elevar.

? Kommunen må vera villig til å avgrensa veksten i nye bustader i området, slik at situasjonen vert handterbar, seier Tomasgard.

Dersom kommunen gjer dette, vil ikkje skulen verta for stor, meiner han. Å bremsa bustadbygginga er ikkje berre viktig for skulesektoren. Ein må og ha på plass vegløysingar, barnehagar og annan infrastruktur dersom ein skal kunna tillata så stor vekst i bustadbygginga, meiner Tomasgard. Han viser elles til at Alversund skule vil få rundt 600 elevar i 2020, dersom ein vel å byggja ut 1-10-skulen der. Han meiner ein så stor 1-10 skule er ei mykje dårlegare løysing enn ein stor ungdomsskule.

 

Sparar pengar

Det vart i 2004 gjort ein evaluering av effekten av samanslåing av vidaregåande skular i Hordaland, altså ei utvikling mot mykje større skular. Rapporten viser til at det har vorte ein tøffare kvardag for rektorane, med større personalgrupper og større fysiske avstandar til personalet. Personalet opplever derimot større fleksibilitet, men meiner og å ha fått tyngre elevar og større klassar å ta hand om. Elevane opplever at undervisninga er like bra som før, og at dei har fått fleire tilbod. Elevrådsarbeidet ser derimot ut til å ha vorte vanskelegare etter samanslåingane, og det er større avstand mellom administrasjonen og den enkelte elev og klasse. Evalueringa viser elles at ein har spart pengar på drifta av skulane. Dette er situasjonen etter samanslåing av vidaregåande skular. Strilen har ikkje fått tilgang til noko evaluering av store ungdomsskular.

 

Barneskule og vgs

I Oslo og i Drammen arbeider dei med å samlokalisera ungdomsskular og vidaregåande skular. Barneombodet har gjeve ein uttale i samband med dette.

? Så lenge det sosiale miljøet ved den vidaregåande skulen er uproblematisk, trur me ikkje at ei slik samlokalisering er skadeleg for borna. Men dersom den vidaregåande skulen får problem med til dømes rus og kriminalitet blant elevane, bør ein skilja skuletypane. Dette då dei eldre elevane gjerne dreg med seg dei yngre, seier seniorrådgjevar Jan Mossige hjå Barneombodet.

Han ser det difor ikkje som problematisk at ein stor ungdomsskule ligg tett ved ein vidaregåande skule, slik det kan verta i Knarvik. Men på dei store skulane må ein følgja opp miljøet endå tettare enn på vanlege skular. Storleiken på skulane er elles ikkje det avgjerande for om borna har det bra eller ikkje, meiner han.

? Men det ideelle for borna er nok mellomstore skular. Både for små og for store skular kan vera uheldig for borna, seier Mossige.

 

Det sosiale miljøet

Utdanningsforbundet er negative til for store skular.

? Me meiner for store skular går på miljøet laus. Dei vert for store og uoversiktlege for elevane, og går utover det sosiale miljøet på skulane, seier fylkesleiar Ingunn Alver i Utdanningsfor-bundet Hordaland. Dei organiserer dei aller fleste lærarane som arbeider i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.

Alver viser blant anna til Årstad vidaregåande skule. Denne skulen har over 1400 elevar, noko Alver meiner er altfor mykje. Ho meiner det er mange pedagogiske grunnar til at skulane ikkje må verta for store, og er elles litt frustrert over at det i altfor stor grad alltid er dei økonomiske sidene som vert vektlagt i slike skuledebattar. Ho etterlyser at ein i større grad legg vekt på det sosiale miljøet og læringsmiljøet når ein skal bestemma seg for ein skulestruktur.

 

Kapasitet i hallen

Det har og vore reist spørsmål om kapasiteten i Nordhordlands-

hallen er stor nok til kroppssøving både for ein stor ungdomsskule og vidaregåande skule i Knarvik.

John Flatøy, konsulent for Nordhordlandshallen, seier at dei kan ha seks klassar samstundes i hallen. Dei har også godt med garderobar.

Han meiner difor at det skal svært mykje til om kapasiteten i hallen skal verta sprengt på dagtid. I tillegg vil det vera ein del som kan ha gymnastikk ute, meiner han.

Dersom det er 1500 elevar som skal ha to timar gymnastikk i hallen kvar veke, må det truleg avviklast mellom 20 og 30 grupper kvar dag i hallen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt