Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

MTI vart årets bedrift

Del | |
? Denne prisen skal eg ta med meg og dela med alle tilsette i selskapet når me møtest for å feira 20-årsjubileet vårt, sa direktør Dagfinn J. Namtvedt, då MTI vart kåra til Årets bedrift laurdag.
Publisert 16.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Mongstad Test og Inspeksjon AS fekk tildelt prisen under årsfesten til Nordhordland Handverk og Industrilag (NHIL) laurdag kveld. Rundt hundre middagsgjestar frå næringslivet i regionen fekk med seg utdelinga. Det er Strilen og Sparebanken Vest som står bak prisen Årets bedrift, og det var i år 20. gongen prisen vart utdelt. Prisen i år er eit maleri av kunstnaren John Petter Havnerås.

Vil dela prisen
? Det er veldig kjekt å sjå at folk legg merke til det arbeidet me gjer, og denne prisen gjev inspirasjon til å arbeida vidare. Eg gler meg veldig til å dela biletet og prisen med dei andre tilsette når me skal ha storsamling i Ullensvang snart, seier Namtveit.
Samlinga omfattar alle tilsette med følgje, både dei tilsette i Noreg og i utlandet, eit arrangement i samband med 20-års jubileet til MTI. Namtveit synest at det er veldig flott å få ein slik pris i jubileumsåret.
Han føler at dei i år er modne for å få tildelt ein slik pris. Det har gått bra tidlegare også, men då har det kanskje og vore nokre mørke trugande skyer, fortel han.

På Mongstad i 20 år
MTI vart skipa av radværingane Dagfinn J. Namtvedt og Frank Grindheim i 1987, like etter den siste utbygginga på Mongstad. Å basera ei næring på levering av «industriell tryggleik», var kanskje litt overraskande på den tida, men helse, miljø og tryggleik (HMS) har vorte viktigare og viktigare i næringslivet. MTI har og etablert avdelingar på Ågotnes, Florø og Kristiansund, og for to år sidan valde dei og å etablera seg i Dubai og Iran. Det er i dag over 50 tilsette i MTI, både i inn og utland.

Juryen om MTI
? I den grad strilar er kjende for å vera forsiktige og smålåtne, er det noko veldig lite «strilete» ved MTI. At dei gapar over ein marknad som Dubai og Midt-Austen er eit døme på dette. Det vitnar om mot - og er eit signal til andre i Nordhordland om at det finst ingen grenser for kva ein kan få til.
? I ei tid der det er kamp om arbeidskrafta, legg MTI stor vekt på å halda på sine tilsette og lærer dei opp internt i selskapet.
? MTI satsar mykje på kunnskap og opplæring.
? Selskapet er og opne for å trekkja inn andre sin kompetanse, og har eksterne folk i styra sine. Det er kva som er fornuftig for framtida til selskapet som vert vektlagt, ikkje eigarane sine personlege interesser.

Ros til andre
Dei to andre nominerte var Salar Smolt AS og Fiskenett AS. Når det gjeld Salar Smolt, la juryen vekt på deira satsing på kunnskap for å oppnå best mogleg resultat i produksjonen. Bedrifta fekk og skryt for deira evne og vilje til å satsa på smoltproduksjon i den viktige oppdrettsnæringa i Nordhordland. Selskapet vil no og auka staben frå sju til 10 ? 12 tilsette. Juryen let seg og imponera av eit driftsresultat på heile 18 prosent av omsetnaden i 2006.
Fiskenett AS fekk særleg honnør for vilje og evne til kontinuerleg endring og omstilling i alle dei 45 åra bedrifta har vore i drift. Det er og truleg ei viktig årsak til at Fiskenett framleis eksisterer, medan dei fleste bedriftene i denne bransjen i Noreg har måtta leggja ned. Fiskenett fekk og skryt for at dei aukar satsinga på denne næringa, trass i at dette er ei næring som er sterkt utsett frå konkurranse frå lågkostland. Juryen har og inntrykk av at Fiskenett har ei analytisk tilnærming av sine strategiar, og utnyttar sine konkurransefordelar til fulle. Fiskenett si utvikling av nye produkt og tilnæring til nye marknader vart og trekt fram.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt