Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Myking-elevane best

Del | |
LINDÅS: 7. klasse ved Myking skule er dei flinkaste Strilen-lesarane i Nordhordland. Frå venstre Kristine Risa Fimland, Malin Carlsen, Joachim Hauge, Katrine Wergeland og Joakim Melchersen.
Publisert 06.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dei sju elevane i klassen vann årets Vis med Avis-konkurranse for Strilen. I ei veke har elevane brukt Strilen-aviser i norsktimar, og fått som heimelekse å lesa i avisa. Etterpå fekk dei ein avkryssingsprøve for å sjå kor mykje dei hugsa, og ingen andre sjuandeklassar i Nordhordland var like flinke som ungdommane på Myking.
- Læraren plukka ut artiklar, som me fekk i heimelekse å lesa, seier Katrine Wergeland.
Og så flinke var Katrine og medelevane til å lesa at poengsummen vart 17,1 i snitt. Det er bra når 18 poeng er det beste.

Nyhende og teikneserie
- Det er gøy å lesa nyhende, seier Kristina Risa Fimland.
Dersom ho tykkjer ei sak er interessant les ho den sjølv om det ikkje er om ting i nærleiken av Myking.
- Det er gøy å sjå kven som har fødselsdag, og så er det gøy å lesa teikneserien, seier Katrine Wergeland.
At Pondus-stripa fenger mellom ungdommane er lett å sjå på Myking, det første Joachim Hauge finn i avisbunken som journalisten har med seg er nettopp baksida og Pondus.

Ute i verda
- Eg les litt aviser innimellom. Det er kjekt å følgja med på det som skjer ute i verda, seier Joachim Hauge.
Men elevane medgjev at det vert litt mindre avislesing no etter at prosjektveka er over.
- Det vert ikkje like mykje no. Men eg les litegrann, seier Katrine Wergeland.
Også i fjor var det 7. klasse ved Myking skule som stakk av med førstepremien i Vis med Avis for Strilen. Begge åra er det Finn Stedal som har vore klassestyrar for klassen.
- Elevane har vore flinke til å lesa i avisa, og me har diskutert artiklane på skulen, seier Finn Stedal.

Leirskulepengar
Då 7. klasse ved Myking skule vann konkurransen i fjor, brukte dei premien på 1.500 kroner som lommepengar under leirskuleopphaldet. Vinnarelevane frå 2006 har planar om å gjera det same, dei skal nemleg til Kinsarvik på leirskuleopphald første veka i juni.
- Me skal klatra, gå tur i fjellet, bada, skyta med pil og bue og padla kano, fortel Katrine Wergeland, Joachim Hauge og Kristina Risa Fimland.

200 aviser ute
I tillegg til Myking-elevane var også 7. klassingar frå Årås skule, Sagstad skule, Lindås barneskule, Eikanger skule, Knarvik barneskule, Manger skule og Skodvin skule med i konkurransen. Deltakardiplom er på veg til desse skulane. Med tre utgjevingar i veka sendte Strilen ut kring 600 aviser til dei lesande elevane i den veka prosjektet gjekk. Mange andre aviser i Hordaland har vore med, slik at kring 2000 sjuandeklassingar i fylket var involvert i avisveka.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt