Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nære på i Knarvik

Del | |
LINDÅS: Ein alvorleg gras og lyngbrann stoppa berre to meter frå husa ved Stallane i Knarvik onsdag kveld litt før klokka seks. Brannen starta ved Nordhordlandshallen, og utvikla seg i stor fart i den sterke nordavinden. To menn i 20-åra vart pågripne av politiet i samband med brannen, og har vedgått å ha kubba ein sigarett slik at det tok fyr, opplyser politibetjent Rolf Pedersen ved Lindås og Meland lensmannskontor.
Publisert 31.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Dette var nære på, seier Leif-Atle Træland i Lindås og Meland brannvern og nikkar opp mot husa. Ei trampoline som står tett ved er heilt øydelagt av brannen.
Træland kjende ikkje til årsaka til brannen, men seier at folk ikkje må finna på å vera uforsiktige med fyrstikker når forholda er slik som no. Brannvernet rekna faren som over rundt klokka 18.15, men dreiv ettersløkking vidare utover kvelden. Brannvernet starta tidleg evakuering av dei som var dårlege til beins og bur i omsorgsbustadene like nedanfor vegen, fortel Træland.
Også ved sjukeheimen vart folk evakuert, men fekk gå inn igjen kort tid etterpå.

? Eg var sikker på at bygget kom til å ta fyr, seier Karin Sæbjørnsen som bur i kjellaretasjen i bygget som ligg sør for Nordhordlandshallen.
Ho kom frå Bergen, og såg at det brann då ho køyrde over Nordhordlandsbrua. Då ho kom heim, sprang ho inn i huset og redda ut fotoalbuma til borna. Meir turte ho ikkje å ta med seg, før ho la på sprang. Flammane stod då høgt heilt nær bygget.

To mannspersonar, ein 23-åring og ein 24-åring, sat i 19-tida i avhøyr, mistenkte for å ha vore opphavet til brannen, opplyste Kjell Tore Aarnes ved Hordaland politidistrikt onsdag kveld. Politiet fekk melding om brannen klokka 17.43. Torsdag opplyste Rolf Pedersen ved Lindås og Meland lensmannskontor at dei to har vedgått å ha kubba ein røyk i området, slik at det tok fyr.
? Dei burde ha forstått at dette var risikabelt. Dei risikerer difor bøter, seier Pedersen.
Når de gjeld trampolina som brann opp og eventuelt andre skadar på materiell, har ikkje Pedersen noko klar formeining om dette, men seier at dette vanlegvis vert erstatta av eit forsikringsselskap. Deretter er det opp til forsikringsselskapet om dei vil koma med krav overfor dei ansvarlege.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt