Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Næringsbygg i tre etasjar?

Næringsbygg i tre etasjar?

Del | |

SLØVÅG: Det 5.000 kvadratmeter store planlagde næringsbygget «vaks» med ein etasje under informasjonsmøtet måndag.

Publisert 18.08.11 12:16
Endret 18.08.11 12:16

Bygget skal gje kontorplass til både bedrifter som alt er i Sløvåg, og nyetableringar i industriområdet nord for Fensfjorden.

– Dette vert ei god plassering for administrasjonane for bedriftene i området, og ei ordning som gjer at ein ikkje må trekkja alle gjester og møtedeltakarar ned i industriområdet, seie Reidun K. Halland, som er dagleg leiar i Wergeland Halsvik, og styreleiar i selskapet Sløvåg Næringsbygg AS.

Selskapet bak næringsbygget vart etablert i 2009, med lokale aksjonærar, og no nærmar det seg byggestart. Bygget kjem i øvre kant av industriområdet, inn mot riksveg 57.

– Byggestart kan verta i mars 2012, og med bygget ferdig til innflytting til nyttår 2013 eller tidleg på vinteren 2013, seier Tore Halsvik, som er tilsett som prosjektleiar for arbeidet med næringsbygget.

Ein etasje til?
Det er i dag ein god del hyblar i Sløvåg for tilsette ved dei ulike verksemdene. Næringsbygget kan etter dagens planar gje plass til 20-25 hyblar, men ikkje nok til å erstatta alle som er i området i dag.

– Om desse hyblane skal erstatta dagens brakkeløysingar, er det trong for 40-60 hyblar, sa Hans Wergeland under informasjonsmøtet måndag.
Han var ein av fleire som mente at ein tredje etasje burde vurderast alt no.

– Fleire hyblar gjev også ei tryggare finansiering av bygget, sidan ein kan selja ut hyblar til dei verksemdene som treng det.

Prosjektleiar Tore Halsvik lova at ein skal vurdera både ein tredje etasje no, og sjå på korleis eit bygg på to etasjar kan leggjast til rette for ein ny etasje seinare.

Utfylla kvarandre
På grunnplanet vil Byggeriet/Mjømen og Berge ta den eine fløyen, medan Eidsbotn Handel (Ica) og Tess vil dela mesteparten av den andre. Andreetasjen vert litt redusert ettersom Byggeriet skal ha noko areal med større takhøgde. Vidare viser dagens plan to på etasjar plass til ein hybelfløy, til kantine/kafe, eit auditorium med plass til 70-80 personar, to videokonferanserom og i alt 1.100 kvadratmeter areal til kontor.

– Mellom andre Wergeland Holding, Halsvik Aggregates, Hjelp 24, fotpleie, massasje, og Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU), er nokre av dei bedriftene Halsvik per i dag kan oppsummera som meir eller mindre klare leigetakarar.

I tillegg er dei i dialog med verksemder som tilbyr datatenester, rekneskapstenester, ingeniørtenester, og med advokat, reisebyrå, treningsstudio og meir til.

– Me ser på dei ulike leigetakarane, og ønskjer at dei skal utfylla kvarandre, seier Torill Torsvik Størkersen, dagleg leiar i Gulen og Masfjorden utvikling (GMU).



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt