Næringslivet på studentjakt
Endret 20.08.07 10:49
Må vera om seg
Informasjon om ledige stillingar lyser mot studentane frå høge bannerar og bedriftene står nærast i kø for å få kontakt med framtidas arbeidstakarar. Nokon byr på twist, andre byr på etterutdanning, fleire byr på sommarjobb.
? Me har fleire ledige stillingar, men det er hard konkurranse, seier Magnus Kvingedal, rektor ved Austrheim vidaregåande.
Arvid Sulen står ved Hydro sin stand for kvelden. Han fortel om eit skrikande behov for arbeidskraft på mange felt.
? Og me har vore svært nøgd med dei som kjem frå vidaregåande skular i Nordhordland, seier Sulen.
Bra initiativ
Like bortanfor står Inge Alver, rektor ved Knarvik vidaregåande, i prat med Svein-Inge Storsæter (19) frå Ostereidet. Storsæter har gått elektrolinja, og i tillegg skaffa seg studiekompetanse. No jaktar han på den perfekte læreplassen. Alver prøver å freista 19-åringen til å prøva læraryrket.
? Eg veit ikkje heilt korleis eg hadde vore som lærar. Lang ferie freistar kanskje litt, seier Storsæter, medan han kikkar mot BKK sin stand. Der har han vore utplassert tidlegare, og ein slik læreplass ville han nok ikkje takka nei til.
? Det verkar lovande, det vert teke inn ein del lærlingar. Og ei slik samling som dette viser jo at dei er interesserte. Det vert vist engasjement til å få ungdommen tilbake til distriktet, seier Storsæter.
Han meiner eit slikt treff trekkjer meir folk enn utdanningsmessene, fordi det er sosialt og avslappa.
Ingrid Håland (19) har så vidt kome seg innom dørene før ho vert oppmoda om å søkja sommarjobb i Mongstad Test og Inspeksjon. Det er Ruth Elin Håtuft som har huka tak i jenta som går første år på Industriell design ved NTNU i Trondheim.
Ettertrakta
? Du skal ikkje sjå vekk ifrå at sjansane for å få sommarjobb hjå oss er veldig gode, seier Håtuft til Håland.
Nittenåringen er heime på juleferie og meiner romjula er eit flott tidspunkt å invitera studentane til å møta lokale bedrifter.
? Det er smart, for me får mellom anna sjansen til å stilla spørsmål som kanskje ikkje er like lette å stilla over internett, seier Håland, som kanskje alt har ordna seg ein sommarjobb.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





