Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nappane-by til ein milliard

Del | |
LINDÅS: Planane for ein ferieby på Nappane vert no realisert, med opp til 228 leilegheiter og hytter. Prisen kan verta nær ein milliard. Første steg skal vera klart til neste sommar.
Publisert 03.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Responsen har vore veldig god og betre enn det me hadde venta, seier Rune Andersen, som gjennom EU1Holding er medeigar i selskapet som byggjer ut, Lindås Utbyggingsselskap A/S, med adresse i Sandnes.
Andre medeigarar er Østebrød Invest, Trollskogen Holding og Visco.
Andersen presiserer overfor BA søndag at selskapet er seriøst og er i gang med eit prosjekt i Sirdal ved Stavanger.

? Start etter ferien
? Me har ein eigenkapital på 10 millionar kroner, og planen er å starta opp med grunnarbeida på Nappane så snart som råd etter ferien, seier Andersen.
 Ein representant for selskapet jobbar med å få på plass avtalar med ein lokal entreprenør.
? Me går ut frå at ei så stor utbygging er interessant for lokale firma, seier Andersen.
Selskapet kjøpte i år eigedomen ferdig regulert av Nappane Invest, som lenge har hatt planar om ferieleilegheiter og hytter.
? No er planane omarbeidde, og kommunen har så langt gjeve graveløyve og rammeløyve for første byggetrinn på 43 leilegheiter, opplyser Andersen.

Seld for 70 millionar
Andersen viser elles til Aktiv Prosjektmegling, som har oppdraget med marknadsføring og sal av kjempeprosjektet i lindås.
? Så langt har me seld leilegheiter og hytter for kring 70 millionar kroner. Det har skjedd utan at prosjektet har vore annonsert. Kjøparar er kundar som me har hatt i vårt system, seier prosjektleiar Lena Leikvoll til Strilen.
Ho seier at målet er å ha første byggetrinn klart til innflytting til neste sommar, juli 2007.
Dei dyraste toppleilegheitane på 115 rutemeter har gått for nesten fire millionar kroner, melder BA.
Sjølve leilegheits-prosjektet skal stå på pålar ute i sjøen. «Alverstraumen Brygge» lokkar også med  badebasseng, sandvolleyballbaner og to tennisbaner, som alt skal koma i første byggjetrinn.
Ordførar Tove Linnea Brandvik (Ap) synest sjølv at Nappane er ei perle. Ho er positiv til den planlagde utbygginga i strandsona.
? Dersom du ser på statistikkane over strandsone-ja, ser du at Lindås er veldig restriktive. Men her er det alt klar ein godkjend reguleringsplan for 200 fritidsbustader. Me kan ikkje snu opp ned på noko som alt har gått gjennom ei skikkeleg behandling i kommunen, seier Brandvik. Ho strekar under at samstundes som ålmenta skal kunna ha tilgang til flotte område, må delar av strandsona og kunna brukast til slike prosjekt.
Lindås-ordføraren meiner utbygginga vil gje fleire positive ringverknader, blant anna innan reiselivsnæringa.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt