Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nappane-planane får grønt lys

Del | |
LINDÅS: Alt tyder på at Nappane-utbygginga, med nær 200 ferieleilegheiter, får grønt lys frå Lindås kommune. I planutvalet onsdag vart reguleringsplanen tilrådd med 6 mot 2 røyster.
Publisert 28.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Kva i alle verda er me me balar med? Det var spørsmålet eg stillte meg då eg var ute på Nppane og gjekk i terrenget tysdag kveld, sa utvalsleiar Kjartan Nyhammer (Sp). Han sa at han hadde store problem med å godkjenna 200 feriehus i ei lita bygd som Nappane er. Nyhammer hadde også vanskar med valet av den funkisliknande byggjestilen.
? Kven sine interesser er det me prøver å ivareta? Dei som bur i bygda, dei som vil ha hytte der eller utbyggjaren sine interesser? spurde Nyhammer. Han gjorde det og klart at han hadde vore fråverande fleire gonger saka hadde vore oppe i utvalet tidlegare.
Ved avrøysta fekk han berre støtte frå Anne Lise Warberg (SV) i å avvisa planane. Det klare fleirtalet på seks støtta rådmannen og tilrådde reguleringsplanen.
Tilrådinga seier at det skal utarbeidast ein utbyggingsavtale mellom utbyggjar og kommunen før utbygginga kan starta opp. Plansjef Lars Johan Haukås antyda at den truleg vil innehalda ein sum frå utbyggjar til utbetring av den dårlege kommunevegen, kanskje kring 1,5 millionar kroner. Kommunen har sjølv kalkulert ei vegopprusting til åtte millionar kroner, inkludert nytt dekke.
Kommunevegen skal opprustast med møteplassar før bruksløyve på hyttene kan gjevast, heiter det i tilrådinga. Reguleringsplanen må endeleg godkjennast av kommunestyret til hausten. Kommunen kan og frå innvendingar frå Fylkesmannen mot utbygginga.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt