Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

NBK jagar tabelltoppen

Del | |
LINDÅS: NBK var i siget laurdag, og putta heile fem mål mot Vestsiden-Askøy.
Publisert 17.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det var eit opplagt og bestemt lag som tok imot Vestsiden-Askøy på Knarvik gras laurdag. NBK starta friskt og best, og det meste av spelet gjekk føre seg på gjestane sin banehalvdel i byrjinga av omgangen.

Uavgjort
Etter ein halvtime runda Yngve Njøten keeper på sekstenmeteren og kunne lett og kontrollert setja inn kampens første mål. Enkelte gongar slapp også gjestane gjennom, og berre sisteskansen Ørjan Tredal hindra utlikning. Kvittrøyene frå Askøy fekk sitt einaste mål på straffe fem minutt før pause, og laga gjekk i garderobane med uavgjort.

Målfest
Etter pause var det tydeleg at begge lag ville veldig mykje. Vestsiden-Askøy hadde fleire målsjansar ved Marius Salamonsen, som kom aleine med keeper fleire gonger. Men målsjansar hadde også heimelaget nok av, og dei viste seg høgst effektive utover i andre omgang. Eit lite kvarter inn i omgangen sette Njøten inn dagens andre, og berre to minutt etterpå kunne han og lagkameratane feira 3-1 og hatrick. No var det berre eitt lag på bana og raudtrøyene fekk pynta ytterlegare på resultatet. Jack Halland gjorde 4-1 før Magnus Tande sette inn 5-1, som og vart sluttresultatet.
? Laget me møtte var greitt spellemessig, men dei datt litt i do etter vårt andre og tredje mål, seier trenar Arild Markussen.

Toppkamp
NBK er tabelltoar med sine 22 poeng, og møter neste helg tabelltopp Djerv på bortebane. Toppkampen går førstkommande søndag klokka 18. Trenar Markussen er spent før oppgjeret.
? Det vert spennande, og kanskje veldig jevnt. Om me klarar å halda hovudet klart og treff med opplegget vårt, så kan det gå. Det kan slå begge vegar, seier Markussen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt