Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

NBK-jentene lengst i Gothia Cup

Del | |
SVERIGE: NBK-jentene kjempa godt, men måtte sjå seg slått i åttandedelsfinalen i Gothia Cup i Sverige. Heller ikkje gutelaga nådde toppen. Her er laget saman med North Star frå USA, eit lag dei møtte og som inviterte Knarvik-laget over til Michigan på treningsleir. (Foto: Privat)
Publisert 21.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Fem lag frå Nordhordland var med i årets Gothia Cup i Sverige. I veka som gjekk har tre NBK-lag, Eikanger og Radøy/Manger fått prøva seg mot jamaldrande fotballspelarar frå heile verda. Stolt trenar NBK-jentene var det av dei lokale laga som kom lengst i Gøteborg. Etter gruppespelet var dei klar for 16-delsfinale mot West Coast Soccers frå USA. Hard jobbing, to mål og ingen baklengs gav dei 2-0 siger og billett vidare til 8-delsfinalen. ? Ein bra kamp, seier trenar Marius Silseth til Strilen medan jentene får i seg mat og drikke før neste kamp. Det var tett mellom kampane torsdag, og berre få timar etter sigeren, var jentene i elden att. Men QBIC 1 vart for sterke for 17-åringane frå Lindås, og dermed enda dei cupeventyret torsdag ettermiddag. Då turneringa starta var det 80 lag med i klassen, og trenaren er stolt av innsatsen i laget. ? Dei har møtt tøff motstand heile vegen, men har vist ein eineståande moral og vilje når det gjeld mest, rapporterer Marius Silseth frå Sverige. ? Jentene viste at dei kan matcha dei beste jentelaga i verda og har all mogleg grunn til å vera stolt av prestasjonen. Laget enda mellom dei 16 beste av 80 jentelag i klassen jenter 17. Fire gutelag NBK hadde også to gutelag med i Gothia Cup. NBK1 kom på tredjeplass i si gruppe og spelte 32-delsfinale i b-sluttspelet mot Bjårreds IF torsdag. Der rauk dei ut av cupen med 8-0-tap. NBK2 hamna sist i si gruppe, og spelte sin 64-delsfinale i b-sluttspelet tidleg torsdag morgon. Den kampen tapte dei 2-1, og dermed var også dei ute av turneringa. Eikanger kom på ein sterk andreplass i si gruppe, og spelte onsdag playoff til a-sluttspelet mot Lyckeby GoIF1. Den kampen tapte dei knepent 2-1, og dermed var cupeventyret i Sverige over også for dei. Radøy/Manger rauk ut av cupen etter 2-0 tap mot Eds FF onsdag. Også dei kom på andreplass i si gruppe og måtte spela playoff til a-sluttspelet.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt