Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nei takk til kommunal post

Del | |
GULEN: Fleirtalet i kommunestyret i Gulen vil ikkje at kommunen skal ta seg av posttenestene i Eivindvik. I staden vil dei undersøkja om butikken i Dingja er interessert.
Publisert 01.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Kommunen bør ikkje overta posttenestene i Eivindvik når Solgul Blomst sluttar med Post i butikk 1. desember i år. I alle fall må ein undersøkja om andre, som Dingja Landhandel i Dingja, kan vera interessert i å overta tenesta. Det vart utfallet då kommunestyret torsdag skulle ta stilling til korleis ein skal sikra at det vert ei postteneste utover landpostbod i Eivindvik også etter 1. desember.

Post i depot
Eit folkemøte om saka tysdag konkluderte med at den beste løysinga i første omgang ville vera eit kommunalt postdepot. Det ville innebera at folk kunne henta og senda pakkar i ekspedisjonen på kommunehuset måndag til fredag mellom 09 og 15. Her ville dei og kunne kjøpa frimerke, men ikkje få utført banktenester. Resten av tenesta vert utført av landpostbod.
Dette var også framlegget frå ordførar Trude Brosvik (KrF).

For enkelt
Men varaordførar Hallvard S. Oppedal og resten av Senterpartiet var ikkje samd i denne løysinga.
? Det er Posten si oppgåve å løysa posttenestene, også i Eivindvik. Me kan ikkje påleggja kommunen sine tilsette, som alt har nok oppgåver, å ta seg av dette. Her har ikkje Posten gjort jobben sin, sa Oppedal.

Dingja
Han gjorde framlegg om at Posten kontakta Dingja Landhandel og høyrde om dei var interesserte i å overta Post i butikkfunksjonen. Han hadde snakka med innehavaren, og ho hadde ikkje avvist ei slik løysing.
Når vegen til Dingja opnar til våren, vil det berre vera rundt sju kilometer å køyra frå Eivindvik til Dingja.
? Men kva skal folk gjera i mellomtida, til vegen opnar? vart der spurt frå salen.
? Det må Posten finna ei løysing på, meinte Oppedal.

For innbyggjarane
? Eg er ikkje ute etter å løysa problema for Posten, men finna løysingar for innbyggjarane våre, sa ordføraren.
Ho avviste ikkje at Post i butikk på Dingja kan vera ei løysing seinare, men ville at ein skulle ha ei prøveordning med kommunalt postdepot i eitt år.
Eit alternativ med at folk i Eivindvik skulle reisa til Dalsøyra for å få utført posttenester, var og framme, men det vart klart avvist, i alle fall av representantane frå Eivindvik.
Avrøystinga viste at elleve gjekk inn for å seia nei til kommunalt postdepot no, og at ein i staden ber Posten om å kontakta dei som driv Dingja Landhandel.
Sju røysta for postdepot.
Odd Harald Eide, som er bror til Åse Lene Vatne, som driv Dingja Landhandel, var ugild. Kommunestyret mangla to representantar får å vera fulltallig.
Om folk i Eivindvik er villige til å reisa til Dingja for å ordna posttenestene sine, er eit anna spørsmål.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt