Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nei til bom på Radøy

Del | |
Eit fleirtal på tolv i reperentantskapen i Regionrådet sa i dag ja til å søkja om innføring av bompengar. Men ein samrøystes representantskap gjekk mot bom på Radøy.
Publisert 01.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det bør innførast nye bompengar for å realisera vegprosjekt rundt i regionen, meiner eit klart fleirtal i representantskapen i Regionrådet. Då saka kom opp i dag, fredag, sa tolv av 19 ja til dette.
Mindretalet støtta eir framlegg frå dei tre representantane frå Meland pluss Bjørn Arne Aaakvaag (Frp) frå Lindås og Per Opsahl (Demokratane) frå Fedje, som sa at ein først skal søkja om å innføra bompengar når Nyborgtunnelen har kome inn i Nasjonal Transportplan. Det håpa dei skal skje for perioden 2010 - 2019. John Bauge (H) og Tore Martin Hamre (Frp) frå Radøy røysta og for dette.

Ikkje bom
Då dette framlegget var nedstemt, røysta representantskapen på eventuelle tilleggspunkt som skulle koma til styret sitt framlegg. Her hadde John Bauge (H) frå Radøy framlegg om at vilkåret om bom på Radøy skulle takast ut, og det vart samrøystes vedteke. Det inneber at også dei fem frå Lindås gjekk inn for dette.

Opp til Lindås
No skal tilrådinga frå representantskapen ut til kommunestyra, og det spennande vert å sjå kva  som skjer i kommuenstyret i Lindås 14. juni. Det var krav derifrå som gjorde at v ilkåpet om bom på Radøy kom opp. Seier kommunestyret i Lindås nei til bompengesøknaden, kan det vidare arbeidet med Nordhordlandspakken truleg leggjast bort, i alle fall i denne omgang.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt