Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nei til skytebane i Haukåsen

Del | |
RADØY: Administrasjonen i Radøy seier nei til skytebana i Haukåsen, og rår politikarane til å seia nei til reguleringsplanen som er utarbeidd.
Publisert 21.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Bakgrunnen for at administrasjonen er negativ er at skyttarane ikkje har klart å få til avtalar med grunneigarane i Haukåsen på Sletta der bana er planlagt. Dersom politikarane først har sagt ja til reguleringsplanen vil skyttarlaget i neste omgang kunna gå til oreigningssak for å få hand om grunnen, og dette vil administrasjonen unngå.
? Rådmannen konstaterer at Radøy skyttarlag framleis ikkje har kome fram til avtalar om avståing av grunn til skytebana, og at det såleis kan verta aktuelt for skyttarlaget å gå til oreigningssak for å skaffa grunn til skytebana, heiter det i saksutgreiinga til møtet i Hovudutval for plan, landbruk og teknisk (PLT) onsdag 27. september.
Etter art saka har vore i oppe i PLT skal ho vidare til kommunestyret, som så skal seia ja eller nei til den reguleringsplanen som ligg føre.

Oreigning
Grunneigarar til området der bana vil koma har i sin merknad gjort det klart at skyttarlaget ikkje vil få friviljug grunnavståing til ei skytebane i Haukåsen. DFS/planleggjaren viser på si side til at dei ynskjer ein slik avtale, og skriv at dei framleis vil prøva å få det til.
For politikarane i kommunestyret vert spørsmålet om dei ynskjer å opna for oreigning, for er reguleringsplanen først godkjent kan DFS ordna seg grunn på denne måten.
? Radøy kommune vil elles opplysa om at Radøy skyttarlag gjennom Det frivillige skyttarvesenet (DFS) kan oreigna/ekspropriera grunn til ny skytebane dersom Radøy kommunestyre godkjenner reguleringsplanen, heiter det i saksframlegget til møtet i PLT.

Lita brukstid
Reguleringsplanen er utarbeidd av eit konsulentfirma, på vegner av Det frivillige skyttarvesen (DFS) og Radøy skyttarlag. Mange har sendt inn merknader til planen, som vart lagt ut på høyring i april i år. Mellom anna har det kome innvendingar mot den skytestøyen som bana vil gje, og som svar til dette viser planleggjar til at bana ikkje vil vera i bruk kontinuerleg.
? Det vil berre vera skyting ca 5% av tida gjennom veka, og det er rikelege moglegheiter for turgåing på tidspunkt der det ikkje er skyting, heiter det i planleggjaren sin kommentar til merknaden.
Styringsgruppa for områdetiltak Haukåsen/ Lometjørna skriv i sin merknad at området innbyr til kvile, ro rekreasjon og helsebot. Styringsgruppa er likevel ikkje i mot alle naturinngrep, og støttar planane om ny riksveg 565 som vil gå i dalføret aust for Haukåsen.
Her svarar skytebaneplanleggjaren at vegen vil vera eit større støymoment enn skytebana.
? Når det ikkje er skyting vil det vera heilt stille, i motsetnad til den ønskte vegen der alltid vil kunna koma bilar.

Bra, men nei
I administrasjonen si vurdering av reguleringsplanen for skytebane ved Haukåsen vert det sagt at planen oppfyller dei krav som er sett i lov og forskrifter. Vidare heiter det at Radøy skyttarlag sårt treng ei ny skytebane for å kunna erstatta den dårlege skytebana på Manger, ei bane som ikkje på nokon måte stettar dagens krav. Likevel fell administrasjonen ned på eit nei, og viser til den store motstanden lokalt.
? Også denne gongen er det kraftig motstand frå mange grunneigarar, og frå store deler av bygdefolket, mot planane om skytebane i Haukåsen. Slik sett er stoda omlag den same som ved kommunestyret si handsaminga i 1998. Skilnaden er no at ein av dei tre grunneigarane innanfor plangrensa i brev av 09.06.06 til Radøy skyttarlag, har sagt seg villig til å forhandla om sal av grunn, heiter det i saksutgreiinga.
? Rådmannen er for sin del imot at det vert gått til oreigning for å skaffa grunn til føremål skytebane. Rådmannen er også sterkt i tvil om det vil vera rett av det offentlege å godkjenna reguleringsplan for skytebane i eit område der bygde- og grunneigarmotstanden er så sterk. Skogsområdet er mykje brukt og har særs gode natur- og friluftskvalitetar, særleg kring Lometjørn. Området innbyr til rekreasjon og er ein viktig trivsels- og miljøfaktor for folk som nyttar dette naturområdet. Ut frå den sterke motstanden blant grunneigarar og bygdefolk mot skytebane ved Haukåsen, og med omsyn til brukar- og friluftsinteressene i det aktuelle skogsområdet, finn rådmannen at han ikkje kan rå til at reguleringsplanen for skytebane i Haukåsen, vert godkjent, heiter det til sist i tilrådinga til politikarane i Plan, landbruk og teknisk.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt