Nei til storkommune
Endret 20.08.07 10:49
Diskusjonen før den endelege avstemninga var lang og mange nytta sjansen til å kommentera alternativa til vedtak.
? Må avsluttast
Helge Bauge frå Arbeidarpartiet var førstemann på talarstolen.
? Arbeiderpartiet meiner at prosjektet no må avsluttast. Me ønskjer at Meland kommune skal halda fram som eigen kommune, men vil presisera at me framleis er interesserte i eit fokus på interkommunalt samarbeid.
Dag Erik Hagesæter frå Frp var ikkje like interressert i å avslutta prosjektet. ? Denne debatten handlar ikkje om kor vidt me er for eller mot ein storkommune. Det me diskuterer i dag er om me framleis ønskjer å samla inn kunnskap og erfaring til ein eventuell debatt om kommunesamanslåing. Eg meiner at me ikkje kan avfeia prosjektet utan å høyra kva folket vil. Difor vil eg gå inn for eit vedtak om å halda folkeavstemning ved neste val, sa han
Fleire av representantane var ueinige om kva oppfatning innbyggjarane i kommunen har om saka. Både Ingrunn Skurtveit frå Krf og Bauge frå Ap meinte at steminga på folkemøta var klar tale om at innbyggjarane ikkje ønskjer ei kommunesamanslåing. Hagesæter var ikkje samd.
Har oppnådd mykje
Arnold Tveit frå Senterpartiet var negativ til å halda fram med prosjektet.
? Eg meiner at Meland på mange måtar har vore ein pådrivar for interkommunalt samarbeid, men kommunen har også evna å velja eigne løysingar når dette har passa seg slik. Eg meiner at kommunen til ei kvar tid må gjera det som gjev best tenester for innbyggjarane, sa han.
Tveit trekte mellom anna fram den desentaliserte skulesystemet, pleie og omsorgstenesta og lavterskeltilboda som døme på dette.
Vil ha klarlagt
regionstruktur
Ragnar Bratland frå Høgre trekte fram fleire poeng som talar for ein storkommune.
Bratland peika på at ein eventuell storkommune kan fungera meir effektivt og auka kompetansen.
? I dag må me leiga inn kompetanse, spesielt i byggjesaker. Eg trur dette vil vera lettare dersom me hadde hatt ein storkommune.
Trass i dette stemte også Høgre for å avslutta prosjektet.
? Me bør framleis driva interkommunalt samarbeid, men slik stoda er i dag manglar det fleire vitige premiss. Me vil setja sluttstrek no. Spørsmålet bør heller takast opp att når regionstruktur og oppgåvestruktur er klarlagt, sa han
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





