Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nektar å gje slepp på naust

Del | |
MASFJORDEN: I Masfjorden bør alle som byggjer hus, også ha rett til naust, meiner rådmannen. Difor vil ein ikkje kutta i naustarealet på Duesundøy.
Publisert 11.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Tilknyting til sjø er viktig for folk som bur i Masfjorden. Difor bør det liggja inne nausttomt til alle bustadtomtene som vert lagde ut i på Duesundøy, meiner rådmannen når kommunestyret i dag skal handsama Fylkesmannen si klage på reguleringsplanen for Duesundøy. Rådmannen går inn for å avvisa Fylkesmannen si klage.
Fylkesmannen meiner arealet som er avsett til naust, er for stort. Sjølv om kommunestyret kutta ut to naustområde i urørt område i den opphavlege planen og utvida eit anna, der det alt er naust, er ikkje Fylkesmannen nøgd. Han meiner det vert for mykje utbygging i strandsona.
Konflikten på Duesundøy avspeglar ein klassisk konflikt i mange kommunar. Lokalpolitikarane ønskjer å bruka tilgang til sjø som eit lokkemiddel for å få folk til å busetja seg der. Fylkesmannen vil redusera utbygging i strandsona av omsyn til ålmenta.
Masfjorden har alltid vore  ein kystkommune, og det vil han vera også i framtida. Tilknyting til sjø har vore ein tradisjon, og det bør vera også vidare, skriv rådmannen i si tilråding.
Utbygginga på Duesundøy har trekt ut i tid fordi sentrale styresmakter har hatt innvendingar mot planane. Det er Reknes Byggjevare L/L som står bak utbyggingsplanane, og fleire står i kø for å få byggja.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt