Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ni lokale «hekser» på Håkonshaugen

Del | |
Ni personar frå Nordhordland har kome med i ensemblet til Which Witch-oppsetjinga på Håkonshaugen til sommaren.
Publisert 21.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Etter audition på Seim, i Bergen og i Oslo, er det no plukka ut 28 personar til Which Witch-ensemblet. Det betyr ei fin blanding av nordhordlendingar, bergensarar og folk frå resten av landet. Her er folk frå Trondheim, Oslo og Austlandet elles og frå Vestlandet. Ein av deltakarane har adresse i Liverpool.
? Eg er ikkje i tvil om at me skulle klart å fylt ensemblet med lokale utøvarar, men ein kan ikkje venta at det passar for alle å binda seg til roller som dette nett no, seier regissør Leif-Egil Vatnøy.

Fleire roller kvar
Han fortel at medlemene i ensemblet skal ha fire-fem ulike smårollar kvar, og at dei gjennom musikalen vil dukka opp som alt frå koristar til munkar, fangevaktarar og pavar.
? Dei skal syngja og vera aktive heile tida, så det er ikkje nokon statistroller me snakkar om, presiserer han. Han fortel at rollefordelinga så langt ikkje er endeleg bestemt. Rollene må nemleg fordelast nøye etter om vedkomande er flink både å syngja og dansa, eller berre ein av delane, forklarer han.

Frå engelsk til nynorsk
Om andre bitar som skal på plass før første prøven 2. juli, fortel Vatnøy at han nett no arbeider med å tilpassa den nynorske teksten til melodien slik at trykket kjem på rett plass og at talet på stavingar stemmer.
? Musikalen er opphaveleg på engelsk, men vart omskriven til nynorsk av Eirik Ingebrigtsen frå Os, forklarer den oppglødde regissøren.

Stødige solistar
På rollelista elles finn ein, forutan vår eiga Linda Fosse i rolla som «Anna Regina», følgjande solistar: Elisabeth Moberg, Rein Alexander, Åge Sten Nilsen (WigWam), Jorunn Torsheim, Bjørn Jensen, Ståle Ytterli, Magne Fremmerlid (den djupaste bassen som var å oppdriva og som bruker storleik 48 i sko), Charlotte Fongen. Dei to sistnemnde er solistar ved operaen i Oslo. Siste solisten på plass var Elisabeth Moberg i rolla som «Giulia».

Billettsalet i gang
Billettsalet starta torsdag som var og Linda Fosse seier at det har starta bra. Interessa så langt har vore størst for premieren 2. august og nokre av dei siste framsyningane.
Det skal i alt vera ni framsyningar, og målet er å selja tusen billettar til kvar førestilling. Dei fleste førestillingane startar klokka 22.00 om kvelden og varer i to og ein halv time. Billettane vert selde på Billettservice, på Posten og på Internett.

Dei lokale deltakarane i ensemblet:
1.    Tor Halvor Halvorsen, Lindås
2.    Preben Hodneland, Lindås
3.    Idar Løvlid, Lindås
4.    Henning Sudmann, Meland
5.    Gro Sandnes, Gulen
6.    Marit Drivenes, Radøy
7.    Hanne Vatnøy, Lindås
8.    Ann Christin Hoen, Radøy
9.    Lydia Hoen Tjore, Radøy

Dei andre deltakarane:
1.    Chris Lund, Bergen
2.    Aleksander Christiansen, Bergen
3.    Knut Gjell Angell, Oslo
4.    Alf-Inge Elvegård Selstad, Oslo
5.    Hugo Lauritz Jensen, Fjellstrand
6.    Vigleik Lie, Voss
7.    Bjørn Tore Henriksen, Valestrandfossen
8.    Arild Hjelvik, Bruvik
9.    Torstein Hatlevik, Uggdal
10.    Gudrun Elisabeth Bløndalen, Skien
11.    Heidi Løkken, Liverpool
12.    Gina Sandberg, Oslo
13.    Mai Julie Wikland, Trondheim
14.    Camilla Wiik, Røyse
15.    Marianne Lønstad, Bergen
16.    Heidi Lambach, Hjellestad
17.    Regine Forthun, Hordvik
18.    Julie Hall, Gjøvik
19.    Silje-Marie Norderheug, Oslo


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt