Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 
Nitrobeat med ny singel

Nitrobeat med ny singel

Nitrobeat med lindåsingen Ivan Takle, er klar med ny singel.

Publisert 25.01.12 15:42
Endret 25.01.12 15:41

«There's Dubstep In My House» heiter den nye låten som den musikkglade nittenåringen har laga.

Tittelen viser til at huset hans er fylt av elektronisk dansemusikk, noko det har vore lenge.

Viser allsidigheit

Ivan er nemleg levande opptatt av elektronisk musikk, men akkurat denne låten er ikkje heilt representativ for det han elles lagar, understrekar han.

– Eg begynte med å laga roleg musikk, så gjekk eg over til litt meir «dance» og «house».

Med denne låten vil eg visa at eg også kan miksa andre sjangrar, seier han.

Han legg til at dubstep er ein sjanger mange vil kalla «rotete», men eigentleg inneheld han berre meir gode tekniske rytmar blanda med «grove og lyse» syntar som saman utgjer ein rytmisk eksplosjon.

Lagar sin eigen vri

Det meste han lagar prøver han å gjera dansbart sidan han også er dj.

Og det skulle ikkje vera noko problem med denne låten som sprudlar av fengande rytmar med trommer og synt.

– Sjølv synest eg låten gjev ei form for tidleg sommarkjensle blanda med fengande trommer og synt, forklarer han.

Han fortel at han kjem til å halda på house-sjangeren, men blander han godt med dubstep for å få ein meir merkeleg vri som gjenspeglar han som artist.

Tjuvstartar fredag

Singelsleppet 1. februar, er ein del av planlegginga av eit debutalbum, får me vita. Og alt i morgon fredag, skal han ha førpremiere for 300 menneske på eit skuleball i Åsane.

– Då blir det stort show med lys- og lydeffektar, seier han.

Sitt fjerde plateslepp hadde han i mai i fjor.

Då gav han ut EP-en «Nothing Comes Easy», med blant anna låten «A cloud of my dreams» med Sofie B. Nilsen på vokal.

Låtane Ivan skriv, legg han ut på spotify, itunes, beat, amazon og andre nettstader ein kan høra musikk.

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler