Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

NM-gull til Øystein Sylta

Del | |
Etter eit kanonløp i Storetveitmarkene i Bergen laurdag, sikra Øystein Sylta frå Meland seg gull i årets NM i terrengløp.
Publisert 23.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Alt klaffa, og det vart eit perfekt løp frå start til mål for min del, seier ein andpusten Øystein Sylta etter å ha lagt bak seg tre kilometer i det kuperte terrenget på Storetveit.
Han fortel at taktikken var å hengja med framme i feltet fram til 1000 meter, for så å klina til og mørna dei andre skikkeleg mot slutten. I følgje Vidar-løparen er nemleg det optimale for han å ha eit forsprang på konkurrentane dei siste hundre metrane inn mot mål.
? Det lukkast eg med i dag, og det kjennest utruleg godt, fastslår den stolte noregsmeisteren.

Satsar mot EM
Sylta som var favoritt før løpet laurdag, fortel at han har jobba hardt denne vinteren for å koma på det nivået han er på no. I gjennomsnitt har sprunge 180 kilometer i veka denne sesongen.
? Eg har auka treningsmengda åtskilleg frå tidlegare sesongar. Men det er heilt naudsynt å trena så mykje om ein skal vera med heilt i toppen, seier Sylta.  
Og det har noregsmeisteren absolutt planar om. Det neste store målet for Sylta no er nemleg å kvalifisera seg til 3000 meter hinder i komande EM. Sjølv har han god tru på at han kjem til å klara det før kvalifiseringsfristen går ut i august i år.
? Eg satsar på det. Løpet her i dag viser at forma er inntakt, så det ser i alle fall lovande ut, seier Sylta optimistisk.

Fire frå AKS
Også fleire deltakarar frå Nordhordland deltok i NM i terrengløp i helga. AKS-77 stilte med både unggutane Bjørn Inge Håland Dyrkolbotn og Emil Andre Erstad, samt veteranane Olai Nepstad og Gunnar Gaulen. Sjølv om dei ikkje hevda seg heilt i toppen, var løparane frå AKS godt nøgde med innsatsen.
? Me gjorde så godt me kunne. Uansett plassering er det kjekt å ha vore med. Arrangementet har totalt sett vore heilt topp med flotte løyper og god stemning. All honnør til arrangørane, oppsummerer veteranløpar Olai Nepstad.  


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt