Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
– No må politikarane ta grep

– No må politikarane ta grep

Del | |

KNARVIK:?Det ramlar inn med telefonar om heimlause kattar til Marit Holmaas.

Publisert 11.08.11 11:55
Endret 11.08.11 11:55

– Dei siste to åra har det toppa seg heilt med kattar. Dette går ikkje lenger. Alle mottaka og fosterheimane var fulle alt i april, seier Marit Holmaas i Hus til pus.

Foreininga har i ei årrekkje jobba for å få katteeigarar til å kastrera og sterilisera dyra sine, slik at dei kattane som vert fødde får eit betre liv. Dette er eit standpunkt ho deler med Dyrebeskyttelsen og dyreklinikkar i regionen.

Bruk- og kastmentalitet
For nokre dagar sidan ringte ein familie med tre kattungar som dei ville Hus til pus skulle finna heimar til. Familien skulle på ferie, så det hasta med å verta kvitt dei.

– Då me bad dei sterilisera kattemora, slik at dette ikkje vert eit gjentakande problem, fekk me klar beskjed frå familiefaren at dei hadde betre ting å bruka pengar på. Kattar har ingen status. Dei skal liksom ikkje kosta pengar, berre fanga rotter, seier Holmaas.

Litt seinare ringte mora i familien gråtande og fortalde at no hadde mannen slått i hel dei tre kattungane.

Tungt arbeid
Foreininga består av ulønna frivillige, men det er det ikkje alle som forstår.

– Folk trur me kjem med blålys når dei sit med kattunger heime og vil på ferie, men slik er det ikkje. Mottaka og fosterheimane er fulle, og elendet har ingen ende før folk tek ansvar og steriliserer og kastrerer kattane sine, seier Holmaas.

– No må politikarane koma på bana. Politikarane i Lindås bør ta grep og seia at slik vil me ikkje ha det hjå oss. Kvifor kan ikkje Lindås gå inn for å vera ein føregangskommune når det gjeld kattehald? Haldningskampanjar har ikkje fungert, og det berre ramlar inn med kattar, seier ho oppgitt.

Utefødde vert villkattar
Topsi (sjå bildet) er ein av fire hokattar med ungar som har vorte funne heimlause i Knarvik-området i vår og sommar.

– Når det gjeld hokattane, har dei gjerne ein heim. Men når dei skal føda, leitar dei etter ein trygg stad. Finn dei ikkje dette heime, så vandrar dei bort. Når ungane vert fødde ute, vert kattungane heimlause villkattar. Det er eit forferdeleg liv og ein grusam veg til døden, seier Holmaas.

– Når folk skaffar seg ein katt som skal leva i 10-15 år, då har ein eit ansvar for å gi katten eit verdig liv. Om ein absolutt skal ha kull på katten, bør ein ha heimar klare til kattungane på førehand.

Topsi er ein heldig pus. Ho og kattungane har fått nye mellombelse heimar inntil nokon vil gi dei permanente heimar.

Redusert levetid
– Hokattar må steriliserast og hannkattar må kastrerast om me skal få ein slutt på at tusenvis av dyr går ute og lir. Ein ukastrert hannkatt, anten huskatt eller heimlaus, har ei redusert levetid. Dei fleste vert rundt 6 år på grunn av infeksjonar og sjukdom etter bitt og slagsmål, seier Holmaas.

– I løpet av dei 6 åra kan dei vera far til 5000 kattungar, legg ho til.

Levetid på ein katt med god omsorg frå eigar og jamleg tilsyn hjå veterinær, er kring 15 år. Reine innekattar kan leva til dei er over 20.

Flaut med gnitne eigarar
– Eg synest det er flaut at ein ikkje betaler 1000-2000 kroner for  kastrering/sterilisering og merking av katten, når ein tenkjer på kor mange tusenlappar ein brukar på seg sjølv i løpet av 10-15 år, seier Holmaas.

– Nokon hevdar at katten endrar seg når han vert kastrert, men det er tull. Du øydelegg ingenting ved katten, men trongen til å sloss og til å vandra for å para seg vert redusert. Det gjer at katten får eit betre liv.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt