Nøgd etter møte med Telenor-sjefar
MODALEN: Torsdag var det møte mellom Telenor og kommuneleiinga i Modalen om avvikling av fasttelefoni i kommunen.
Endret 22.06.12 18:44
– Eg tykte det var eit positivt møte, og eg håpar det skal verta ein vinn-vinn-situasjon både for kommunen sine innbyggjarar og Telenor, seier ordførar Knut Moe til Strilen like etter møtet.
Torsdag var dekningsdirektør Bjørn Amundsen og programdirektør for modernisering og forenkling, Arne Quist Christensen, frå Telenor i Modalen. Der møtte dei ordførar Knut Moe, rådmann Øivind Olsnes og ein representant for BKK for å diskutera planen om å fasa ut fasttelefonane i kommunen.
BKK var med fordi det er dei som fører tilsyn med fibernettet i kommunen.
Like godt
– Me har fått forsikringar frå Telenor om at ingen abonnentar skal få eit dårlegare tilbod enn no når det gjeld telefoni etter ei eventuell omlegging, seier Moe.
Tvert om håpar han at tilbodet skal verta betre, for i dag er det til dels store veikskapar med mobilnettet i kommunen. Enkelte stader er det ikkje dekning, og til tider dett mobilnettet ut i heile kommunen. Det skjedde både i pinsehelga og førre veke, og det viser og at backup-løysingane heller ikkje er gode nok, seier Moe.
– Driftstryggleiken er veldig viktig for oss, uansett kva løysing som vert vald. Og me har kravstore innbyggjarar som forventar gode løysingar både når det gjeld mobil og nett.
Orienterte
– Møtet i dag var som eit informasjonsmøte, der Telenor la fram sine planar og me fortalde om problema rundt mobildekninga i kommunen, seier Moe.
Han trur nok at Telenor vart litt overraska over kor store problema er, og at investeringane ein må gjera før ein eventuelt kan stengja fasttelefonnettet og fjerna kopartrådane, er større enn dei hadde rekna med.
Pilotkommune
Det er ikkje berre i Modalen at Telenor planlegg å fasa ut fasttelefonane. Det vil truleg skje i heile landet, men dei vurderer å bruka Modalen som eit pilotprosjekt for å finna ut korleis dette kan gjerast.
– Dei sa i møtet at dei i løpet av tredje kvartal vil bestemma om Modalen skal vera pilotkommune eller ikkje. Viss dei bestemmer seg for det, vil utfasinga starta neste år, avsluttar Moe.
Konstruktivt
– Eg tykkjer møtet i Modalen var veldig konstruktivt, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen til Strilen.
Han stadfestar at dei vil ta stilling til om Modalen skal vera pilotkommunen innan utgangen av tredje kvartal.
– Der dukkar alltid opp utfordringar, og me må mellom anna rekna på investeringar i samband med tunnelar og naudtelefoni, seier Amundsen.
Radøyløpet vart folkefest
Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.
Folkemøte på Byrknes
GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]




