Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nok eit EM gull til Urhaug

Del | |
Tommy Urhaug (biletet) frå Radøy tok tysdag gull nummer to i bordtennis-EM i Italia. No ventar lagspelet, der Urhaug stiller saman med Rune Lorentzen.
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48

Tommy Urhaug er i storform, og held fram med medaljesankinga under EM i bordtennis for funksjonshemma i Italia. Etter å ha vunne gull i open klasse søndag, kunne han tysdag henta heim sitt andre gull frå meisterskapet, dette frå klassen singelspel.

Spanande finale
Denne gongen vart finalen langt meir spanande enn i open klasse, der Urhaug vann lett 3-0. I finalen venta nemleg tsjekkaren Rene Taus, den same som gav han tøff motstand under semifinalen i open klasse, der Urhaug til slutt gjekk sigrande ut 3-2. Også finalen enda 3-2 i Urhaug sin favør, etter eit nervepirrande sistesett der Taus og Urhaug følgde kvarandre til 7-7.

Rutinert
Urhaug leia finalen 2-0, men slapp tsjekkaren innpå seg til 2-2 i den svært spanande finalen, og det kan vera rutinen som redda radværingen frå tap. Han har nemleg vunne gull i samtlege EM sidan 1999. Både i 2001 og 2003 tok han med seg gull heim. Urhaug har likevel aldri klart å ta to gull i eit meisterskap, slik at dette vert hans beste EM så langt.

Kvartfinalemål
No ventar lagspelet, der Urhaug spelar saman med Rune Lorentzen frå Sarpsborg. Der har dei satt seg mål om å komma til kvartfinalen, og dersom det skulle verta medalje, er det ein flott bonus, meiner Urhaug. Han kan verta den store helten under EM, med tre medaljar av tre moglege i same meisterskap innan rekkevidde.

For første gong
Ei som ikkje har fått like god utteljing under meisterskapet er Christine Andersen frå Frekhaug. Ho er med for første gong og får merka det høge nivået og den harde konkurransen godt. - Eg har ikkje vunne noko så langt, motstanden er for hard for meg enda, seier Andersen.

Trass i at ho ikkje er heilt nøgd med resultata tykkjer ho turen har vore ei flott oppleving. Fridagen onsdag nytta ho til å få litt frisk luft på stranda. - Det vert lange dagar i hallen, for me er ein heiagjeng som følgjer Tommy, som forresten er heilt utruleg. Han spelar kjempebra, seier ho.

Så langt har ho spelt fem kampar, og torsdag er lagspelet i gang, der ho spelar med Solveig Femtegjeld frå Moss. - Det kan verta spanande, men eg er sikker på at me møter svært hard motstand her òg. Men om det ikkje så går, så satsar eg likevel vidare, det er jo første gong eg er med, seier Andersen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt