Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nøttveit kunne smila

Del | |
Ole-Kristian Nøttveit frå Manger er årets beste rallycrosskjørar i klassen supernasjonal inntil 2000 kubikk, så dermed kunne sjampisen sprettast etter at NM-gullet var sikra. Vel heime på Radøy etter runden på Melhus i helga kvitterte kommunen med ein gåvesjekk på 5000 kroner
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48

Sjetteplassen i helga skuldast at løpet for hans del var over kort etter start, ein konkurrert kom hoppande inn frå sida og kjørte Nøttveit rett av bana.
? Hadde det stått om NM-gullet ville eg nok ha levert ein protest. Men eg visste alt før finalen at NM-sigeren var min, seier Ole-Kristian Nøttveit (32).
Dei næraste konkurrentane hadde ikkje kvalifisert seg til finaleplass, og dermed var radværingen sikra gullet uansett korleis det skulle gå.

Takkar kommunen
Så mykje feiring har det ikkje vorte enno, ettersom sjølve premieutdelinga først finn stad seinare i haust under ei tilstelling i Oslo. Men vel heime på Radøy i går fekk Nøttveit ei helsing frå kulturstyret i kommunen: Blomar og ein gåvesjekk på 5000 kroner.
- Det set eg stor pris på, det er flott at dei bryr seg om oss, seier Nøttveit.
Bilsportmiljøet på Manger er stort, med Nøttveit som den som har hevda seg aller best bak rattet.
Med seg som mekanikarar har han Joar Morken og Eirik Vetås, og han har også god støtte frå firmaet han arbeider i, Sotra-verksemda AGR.
? NM-gullet er ein teamseier, seier Nøttveit.

Vestlandsmesterskapet
Når Mazdaen er klar etter samanstøyten på Melhus ventar nye utfordringar, komande helg er det finalerunde i bakkeløpscupen Fjord Line cup og nest siste runde i Vestlandsmesterskapet. Begge løpa går på Vikedal, med bakkeløp laurdag og rallycross søndag.
? I bakkeløpscupen ligg eg på ein tredjeplass, og vonar at eg kan kjøra meg opp til ein andreplass der.
I Vestlandsmesterskapet er radværingen berre eitt poeng bak førsteplassen når to rundar står att, så der kjører han for gull.
? Eg kjører for å vinna i Vestlandsmesterskapet, må satsa litt der sidan det er pengepremiar.
Den siste runden i mesterskapet skal kjørast i Bergen, den runden går på Eikås laurdag 15. oktober.

Vurderer større bil
Nøttveit vurderer no å selja sin RX7 og gå opp ein klasse. Også då ynskjer han å kjøra Mazda RX7, men når motoren skal endrast frå ein wankelmotor med to kammer til ein wankelmotor til tre kammer kan ein like gjerne skifta ut heile bilen.
? Skiftar eg motoren må eg også skifta ut bakaksling og girkasse, seier Nøttveit, som heller vil selja heile dagens bil og byggja opp ein ny.
? Men dette vert det berre noko av dersom eg får selt dagens bil til rett pris, seier han.
Nokre har alt meldt si interesse, men utan at det er konkret så langt. Og uansett bilbytte eller ikkje er Nøttveit klar for ein ny sesong.
? Eg kjører neste sesong uansett, seier han.

Ulvatn nummer tolv
Også Jan Tore Ulvatn deltok i runden på Melhus, han kjører som Nøttveit for NAF Motorsport Nordhordland. Ulvatn vart nummer tolv i klassen for supernasjonal inntil 1600 kubikk, der han konkurrerer med ein Peugeot 206.
? Bilen hans fungerer greit no, men han må ha ein annan girkasse. I dag er det ein standard girkasse i bilen, og Ulvatn ventar på ein annan som er bestilt, seier klubbkollega Nøttveit. Jan Tore Ulvatn skal vera med i Vikedal til helga. Der stiller derimot ikkje Kjetil Møn, som kjører i same klasse som Nøttveit. Møn er er berre fem poeng bak førsteplassen, men han har selt sin BMW M3. ? Møn har bestilt ein Peugeuot 206, som skal vera klar til neste sesong. Den får ein tilitersmotor og bakhjulsdrift, medan Ulvatn sin 206 har framhjulsdrift og 1600-motor, seier Ole-Kristian Nøttveit.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt