Ny barnehage på Bruvoll
Endret 20.08.07 10:49
Skodvin-krinsen har ikkje noko barnehagetilbod etter at
korttidsbarnehagen i Kløvertun helsehus vart lagd ned for nokre år sidan. Men
no kan krinsen få eit nytt tilbod alt frå hausten, og då i same lokale som
sist.
? Me er fire kvinner som alle har småborn, som har sendt ut
eit spørjeskjema til alle med born i aktuell alder i krinsen. Responsen har
vore svært godt, og alt no veit me at der er grunnlag for å starta ein
barnehage med ei avdeling, seier Charlotte Nordahl til Strilen.
Ho har sjølv to born i aktuell alder og er utdanna
førskulelærar.
Kløvertun
? Me har vore i kontakt med Hundvindgrend sanitetsforening,
som eig Kløvertun. Dei er interesserte i å leiga ut til oss, seier Nordahl.
Men dei tek sikte på å oppretta ein såkalla utebarnehage.
Difor håpar dei å opparbeida eit leirområde med lavvo like ved, der borna skal
vera mykje av dagen.
? Eg jobbar sjølv i ein utebarnehage på Seim, og eg ser kor
godt det fungerer. Borna held seg friskare, og det vert færre konfliktar, seier
Nordahl.
I Kløvertun må det byggjast eit påbygg med lager for møblane
som er der i dag. I tillegg må det innreiast ein grovgarderobe som barnehagen
skal bruka.
Viktig for bygda
? I tillegg til at me ønskjer barnehage for våre eigne born,
meiner me det er viktig med ein barnehage i bygda, særleg for at barnefamiliar
skal slå seg til her, seier Charlotte Nordahl.
Førebels er barnehagen berre på planleggingsstadiet, men
målsetjinga er å koma i gang alt frå hausten.
Barnehagen vil vera open for born frå eitt til seks år. I
utgangspunktet vil han ha 18 plassar, men ein god del av dei aktuelle borna er
under tre år. Dei tel for to plassar.
? Kløvertun ligg sentralt i bygda. I Skodvin-krinsen er det
mange små bygder, og det er viktig at borna vert kjende med kvarandre før dei
begynnar i skulen, seier Nordahl som endå ein grunn for å oppretta eit
barnehagetilbod.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





