Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ny ferje mellom Leirvåg og Sløvåg

Del | |
GULEN: Det kjem ei nyare og større ferje på sambandet Leirvåg ? Sløvåg. Dette skjer truleg frå nyttår av.
Publisert 29.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me er sjølvsagt glade for dette, men skulle ha ønskt at den nye ferja kom tidlegare, seier Gulen-ordførar Trude Brosvik. Kommunen har lenge arbeidd med å få ny ferje på dette sambandet. Mellom anna er dette viktig for næringslivet i kommunen.

Truleg frå nyttår
Det er snakk om å flytta ferja MF «Etne» frå sambandet Bruravik - Brimnes til Fensfjorden, når dei nye gassferjene kjem. Desse gassferjene må på plass før «Etne» kan flyttast, slik at det ikkje er heilt sikkert at ferja er på plass i Fensfjorden frå nyttår.
MF «Etne» har 50 prosent større kapasitet enn MF «Eidfjord» som trafikkerer Fensfjorden i dag. «Etne» tek 94 personbilar og 500 passasjerar, mot 75 personbilar og 260 passasjerar på «Eidfjord». I tillegg vil den nye ferja ha markert høgare kapasitet for vogntog.

Bygt i 1979
I brevet til Gulen kommunen skriv HSD at MF «Etne» representerer den største ferjetypen som  kan trafikkera dette sambandet i dag. Dette på grunn av at kaien i Skipavik har sine avgrensingar.
? Dette problemet vert likevel løyst når Byrknesøy vert landfast, skriv HSD i brevet.
Dei skriv og at dei vil vurdera kva tiltak som kan setjast i verk for å tilpassa fartyet betre for funksjonshemma.
Sjølv om «nyeferja» er større enn «Eidfjord», er det ikkje snakk om nokon ungdom. MF «Etne» vart levert av Mjellem & Karlsen i 1979 («Eidfjord» 1975), og trafikkerte først sambandet mellom Askøy og Bergen under namnet MF «Askøy».
Namnet «Etne» fekk ferja i 1988, ifølgje nettstaden Wikipedia.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt