Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Ny koalisjon sikrar Skodvin skule

Ny koalisjon sikrar Skodvin skule

Del | |

LINDÅS: Fleirtalet i Lindås formannskap finn i første runde pengar til vidare drift av Skodvin skule.

Publisert 18.11.11 09:45
Endret 19.11.11 16:37

– Når me seier noko konkret berre om Skodvin, er det avdi økonomiplanen er bindande for 2012, men berre retningsgjevande for dei neste åra. Og det var frå hausten 2012 at Skodvin skulle leggjast ned, men der me tek inn midlar for vidare drift, påpeikar Leif Hosøy Sleire (H) etter møtet.

Festo ventar
For Festo skule kuttar rådmannen i sitt framlegg løyvinga frå 2013 når ny Seim skule etter planen skal innflyttast. Rådmannen går dermed ut frå overflytting av Festo-elevane frå hausten 2013.

– Me i fleirtalet seier ikkje noko om Festo, avdi me der ikkje har landa ei endeleg løysing, seier Sleire.
For Kløvheim skule viser han til at rådmannen har med pengar til vidare drift til og med 2015, ut heile økonomiplanperioden.

Ny koalisjon
Det er som venta koalisjonen KrF/Høgre/Sp/Venstre som legg inn midlar til vidare kommunal drift av Skodvin skule. Der har bygda førebudd seg på å starta privat Montessorriskule.

– Det er ikkje overraskande at fleirtalet set full revers på grendaskulane og tek innatt midlar til vidare drift av Skodvin skule. Men eg reknar med at Festo skule vert lagt ned, sa Sveinung Valle (Ap) etter avklaringa i formannskapet torsdag.

– Slutt på semja
Som Valle og uttrykte det, er det «slutt på den rørande budsjett-semja» som alle partia har stått bak tidlegare. I år kjem både Ap og Frp med eigne framlegg. Begge partia har stått fast på vedtaket for skulenedlegging frå 2010, som fleire andre parti tok omkamp på.

Både Ap og Frp kjem med eigne forslag når økonomiplanen kjem opp på det såkalla budsjettmøtet i Strilatun i desember.

Eikanger-paviljong
Elles går fleirtalet inn for at Eikanger skule skal få ein paviljong, som skal stå ferdig til skulestart i 2013.
Lindås barneskule vil fleirtalet utbetra og gje trafikksikring for 15-20 millionar.

For Seim skule vil fleirtalet ha ei sak om å forskottera 4 millionar kroner til infrastruktur/gangveg. Det vert og bede om ein plan med kostnadsoverslag for vidare opprusting av Alversund skule.

På driftssida finn koalisjonen plass for å vidareføra den felles interkommunale jordmorvakta, eit tilbod som rådmannen ville kutta.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt