Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ny musikal på Kaland

Del | |
AUSTRHEIM: ? Eg er ikkje heilt nøgd. Gå slik, ta slik og så skal me ha eit liksomkyss og. Lærar Therese Aakre veit korleis ho vil ha det når ho instruerer Kaland-elevane som skal framføra musikal fredag.
Publisert 07.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Kaland-elevane skal framføra Rome og Julie av William Shakespeare i musikal-versjon fredag kveld. Det er lærar Therese Aakre som har tilpassa det vidgjetne teaterstykket til musikalversjon.
Strilen var innom Kaland skule måndag, og då var elevane i full gang med å øva på stykket. Heile veka går med til dette arbeidet, men dei starta så smått i musikktimane i haust, fortel PR-ansvarleg Mathias Gallefoss (8. klasse).
Han synest det er kjekt å arbeida med dette, og meiner dei aller fleste andre elevane synest det også. Nokre av elevane er skodespelarar, nokre arbeider med lyd og lys, nokre med kulisser og kostymer og andre med PR. Det er mykje som skal gjerast i samband med ei musikaloppsetjing.
For to år sidan sette dei opp musikalen Grease på Kaland skule. Det vart ein stor suksess, med trakkande fullt hus. Fredag vert det altså ein ny sjanse for dei som ikkje fekk med seg førre musikal.
Etter det Strilen fekk med seg på øvinga måndag, vert det brukt moderne musikk. Blant dei to musikkinnslaga me fekk med oss var Whitney Houston sin «I will always love you» og Lionel Richie sin «Hello». Her får ein altså sjå ei gammal kjærleikshistorie i moderne innpakking.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt