Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

Del | |

LINDÅS: Kommunestyret utset bygging av ny kyrkje i Knarvik.

Publisert 09.02.12 16:37
Endret 09.02.12 18:54

Mot tolv røyster, (alle åtte i KrF, alle tre i Sp og ein i Venstre-gruppa), vedtok kommunestyret i Lindås i dag å utsetja kyrkjebygget i Knarvik.
Vedtaket inneber at kyrkjeleg fellesråd må komma attende med eit nytt konsept, som i større grad enn eksisterande framlegg sikrar ei ferdig kyrkje innanfor den økonomiske ramma, og med liten eller ingen økonomisk risiko for kommunen ved kostnadssprekk.

Halvard Rydland (H) starta kyrkjedebatten i kommunestyret i dag, med eit innlegg der han meir eller mindre slakta det arbeidet som er gjort så langt av Lindås kyrkjelege fellesråd og deira plan- og prosjektgruppe for ny kyrkje i Knarvik. Rydland viste til erfaringa han har frå arbeid med prosjektstyring (dette er i Statoil, red. merknad), og etterlyste grunnlagsdokumentasjon for dei tala som vart lagt fram for kommunestyret. Rydland meiner kyrkjearbeidet har svikta på tre punkt.

- Den første mangelen her er innan detaljplanlegginga. Er planlegginga dårleg, vert gjennomføringa katastrofal. Detaljplanlegginga her heldt ikkje mål, sa Rydland til kommunestyret.
- Det neste er gjennomføringsmodellen. Delt entreprise (som her) medfører at det er me som er byggherre og som påtar oss risiko, i motsetnad til ved totalentreprise. Det er ein farleg strategi at byggherren skal ha moglegheit til å gjera endringar.
- Det tredje er kostnadsestimatet, det skulle vore meir robust. Det er sagt litt om kva som ligg som uføresette kostnader. Slik eg les estimatet opp mot detaljplanlegging og gjennomføring, er dette ikkje robust.
- I eit vanleg prosjekt ville det enkelte av desse tre punkta vore nok til å stoppa prosjektet. Her har me alle tre samstundes, sa Rydland, som seinare la fram framlegg om utsetting.

Dette er ordlyden i utsettingsvedtaket:

"Kommunestyret utset bygging av ny kyrkje i Knarvik. Kommunestyret bed Lindås Kyrkjeleg fellesråd om å evaluere eventuelt andre konsept for ei 7-dagars kyrkje i Knarvik innanfor gjeve kostnadsrammer og etablera ein gjennomføringsmodell som gjev kommunen ingen eller minimal risiko for eventuelle kostnadsoverskridingar utover rammene. Saka vert å koma tilbake til i formannskap og kommunestyre."

Les om kyrkjedebatten i Strilen laurdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt