Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Ny plan for større senter på Manger

Ny plan for større senter på Manger

Del | |

Her er EI AV skissene som viser korleis butikksenteret på Manger kan veksa med kring 30 prosent.

Publisert 06.07.12 15:32
Endret 06.07.12 15:32

– Ei gjennomføring av planen kan gje Manger Senter ei stor utviding, påpeikar plan­konsulent Kjersti Flatråker.
Dagleg leiar Geir Håland i Plan Vest Bergen seier at det nye arealet kan gje senterområdet på Manger ei utviding på kring 30 prosent.
– Men det som no ligg på bordet er ein heilt ny plan. Der er det tatt omsyn til merknader frå biskopen og fylkeskommunen for å sikra større avstand til kyrkja. Forretningsbygget er også utvida til tre etasjar, med plass for 15 leilegheiter på toppen, seier Håland.
Som før omtalt er det selskapet Kyrkjevegen 2A som ønskjer å byggja ut delar av området. Også indremisjonen sitt bedehus er med i planen, og det er sett av plass for kyrkjelydshus.
Området planen omfattar, er på 16,5 mål. Planen er å få til ein kombinasjon mellom bustader, forretning, der Rema 1000 er aktuell leigetakar, kontor og tenesteyting.

Mange merknader
Ved første gongs utlegging av reguleringsplanen kom det inn mange merknader. Det gjeld blant anna skepsis til butikkbygg for nærmt kyrkja, som er det største kyrkjebygget i Nordhordland.
Kravet er at forretningsbygget ikkje må koma nærare kyrkja enn 60 meter.
Merknadene har vorte tatt omsyn til. Ved andre gongs høyr­ing kjem det og fram at planprosessen har vore prega av fleire møte og diskusjonar om å finna dei beste løysingane.
Merknader til den endra plan­en, som no er ute på høyring, må sendast kommunen innan 20. august. I samband med høyringa vert det også eit ope bygdemøte på rådhuset 14. august.

Torg og bustader
Planen, som er utarbeidd av Plan Vest Bergen AS, legg opp til at det nye området også kan få eit kyrkje­lydshus eller anna kontorlokale med tenesteyting. Mellom kyrkjelydshuset som planen op­nar for og næringsbygget er det teikna inn eit torg. «Kyrkjelydshuset er lagt i ein vinkel som vil gje torget livd og vil demed gje større høve til bruk», heiter det i samandraget frå Plan Vest.
Etter gjeldande reguleringsplan for Manger sentrum er det også lagt til rette for nye leileg­heiter. Dei kan koma i ein tredje etasje.

Les heile saka i Strilen si papiravis laurdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Radøyløpet vart folkefest

Radøyløpet vart folkefest

Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.

    Folkemøte på Byrknes

    GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

      Ayla måtte avlivast

      Ayla måtte avlivast

      MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

        Lathi på Everest for andre gong

        Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

          Tok årets første bad

          Tok årets første bad

          MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

            Tog og is uansett ver og vind

            Tog og is uansett ver og vind

            Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

              Siste kortnytt