Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ny Sæbø skule

Del | |
RADØY: Eit nybygg til 52,5 millionar kroner med volleyballhall vert løysinga for ny Sæbø skule, vedtok eit samrøystes kommunestyre torsdag.
Publisert 01.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Dette vert den beste løysinga for både lærarar, elevar og bygdefolket, sa Bjørg Skarbø (Sp), som gav honnør til plannemnda for arbeidet dei har gjort.
Skarbø peika også på at det vil vera svært viktig at ein no får eit større forsamlingslokale i bygda, ved at ein vel å gå inn for løysinga med volleyballhallen.

? Endeleg
? Endeleg. Ein treng sårt ein ny skule inne på Sæbø. Eg håpar dette også medverkar til å få innbyggjartalet opp i kommunen, sa Bjørg Murberg (V).
Murberg trekte også fram som svært positivt at Sæbø barnehage vil få disponera heile nybygget der barnehagen held til. No disponerer skulen 2. etasje.

Ny plannemnd
I tillegg til å gå for løysinga med eit nybygg med volleyballhall, vedtok kommunestyret at det skal setjast ned ei plannemnd på fem personar som skal arbeida med konkrete utbyggingsplanar. Frå formannskapet vart John Bauge og Vigdis Villanger (Sp) vald. Liv Berit Rath føreslo at også rådet for funksjonshemma måtte vera representert i nemnda, og dette vart vedteke.

Energiløysing
Elles skal nemnda ha medlemmer frå foreldra og elevane, og dei tilsette skal og ha ein representant.
Formannskapet hadde i si behandling tidlegare peika på at ein må syta for nok lagerkapasitet for skulen og skulemusikklaget. Dei bad også nemnda drøfta nøye kva energiløysing ein skal velja for bygget.

Forsamlingslokale
Utfordringa for kommunen vert å laga eit opplegg for finansiering av bygget. Dette vert eit stort løft for Radøy kommune, skriv rådmannen i utgreiinga til møtet. Skulebygget er kostnadsrekna til 52,5 millionar kroner. Men på grunn av at ein byggjer ein volleyballhall i staden for ein gymsal, vil dette løysa ut fire millionar kroner i tippemidlar. Det vil ikkje berre gjera at skulen får betre kroppsøvingslokale, og at idretten får betre tilhøve, men også at Sæbø vil få ein langt større forsamlingslokale enn det tidlegare bygget.
Noverande gymsal er på 230 kvadratmeter, medan den planlagde volleyballhallen er på 388 kvadratmeter.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt