Ny skule kan kosta 117 millionar
SEIM: Sjølve nyeskulen vil kosta 92 millionar. Med gangveg og skytebane kjem det 25 millionar i tillegg.
Endret 01.11.11 09:45
– Administrasjonen har tilrådd at Langenes Bygg vert vald som hovudentreprenør, seier saksbehandlar Terje Fauske, som har levert frå seg saka til politisk behandling.
Av seks inviterte firma var det tre som valde å levera anbod
– Eitt av anboda er forkasta, slik at me står att med to aktuelle hovudentreprenørar. Klagefrist i høve til valet av entreprenør er 15. november, opplyser Fauske.
Skytebane?
Slik skulen vert utforma, vil kjellaretasjen opna for ei innandørs skytebane, har Seim Skyttarlag peika på.
I kommunestyret vart utfallet at det vert bede om pris på dette frå dei som leverer anbod.Politikarane vil i neste runde vurdera om kommunen har råd til dette.
Med tilbodet frå Langenes Bygg vert prislappen for ei skytebane 6,8 millionar kroner i tillegg. Representantar for Seim Skyttarlag har vore med i innspurten med planane og uttalt seg om korleis ei skytebane kan utformast.
Sjølve skulen utan skytebane vil etter Langenes Bygg sitt anbod koma på 92 millionar kroner. Då er med to millionar riving av den gamle skulen og kring ein million til kunstgrasbana, som skulle førast på den nye skulen.Seier politikarane ja til skytebane, kan kommunen rekna med 700.000 kroner i spelemidlar.
Vegutbetring eit vilkår
Seinast i september godkjende kommunestyret ein reguleringsplan for vegutbetring og fortau. Den påverkar i høg grad også prislappen for skulen. Planen omfattar ei omfattande omlegging av 400 meter av fylkesveg 402. Fylkesvegen vil her koma fire meter nærare elva enn i dag. I planen er og lagt inn 1,3 kilometer fortau.
Rådmannen viser til at det ikkje av avklart om Lindås forskotterer dette arbeidet og seinare får pengane att frå fylkeskommunen. «I den grad kommunen må dekka denne kostnaden, vil det vera ei kommunal driftsutgift og kan ikkje lånefinansierast», påpeikar rådmannen. Han signaliserer at politikarane kanskje må ta ein ny diskusjon om vegutbetringa, som administrasjonen anslår vil koma på 18 millionar.
I sjølve skuleprosjektet er nemleg med ny avkøyrsle frå skulen til fylkesvegen, eit anlegg som vil kosta kring 5,5 millionar kroner. Rådmannen gjer og merksam på at nyeskulen «ikkje utløyser særleg større trafikk til skulen».
Det er Statens Vegvesen som gjer krav om vegutbetring og fortau.
– Difor har eg bede om å få eit møte med vegvesenet og fylkeskommunen for å drøfta ei mogeleg forskotering av summen på 18 millionar, slik at kommunen får desse pengane att seinare, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes til Strilen.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





