Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ny start for fiskematen

Del | |
RADØY: Rune Fanebust, dagleg leiar i Manger Seafood, håpar å skapa ei bedrift med like mange tilsette som dei hadde i Iglo Manger.
Publisert 03.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Me skal bruka all kompetanse me har til å produsera eit så bra produkt som mogleg, seier Rune Fanebust, dagleg leiar i Manger Seafood.
Kor mange arbeidsplassar dei kan tilby, heng nemleg nøye saman med produkta.
? Det er marknaden som bestemmer kor mange arbeidsplassar det vert her ute, seier Fanebust. 

Lokal kunnskap
Det er sju tilsette ved bedrifta i dag. Røykeriet har vore i drift heile tida, ettersom Manger Seafood tok over drifta frå Iglo Manger 1. oktober 2005.
Fiskematproduksjonen hjå Iglo Manger vart då flytta til Haugesund, og namnet Manger fiskemat følgde med.
Første februar startar Fanebust opp med ny fiskematproduksjon på Manger. Denne gongen under namnet Manger Seafood. Til saman håpar Fanebust å skapa like mange arbeidsplassar som Iglo Manger sysselsette før dei flytta produksjonen. Det var tidlegare kring tretti tilsette i lokala på Manger.
? Me må byrja med blanke ark, men samstundes nytta den kompetansen som finst her frå før, seier Fanebust.
Nøkkelen er å utnytta ressursane i nærmiljøet. Gode råvarer frå distriktet gjev gode produkt, meiner Fanebust.
? Det er viktig at me er fleksible, men framleis lagar dei kvalitetsprodukta me har vorte kjende for her på Manger, seier Fanebust.

Familien tar tak
Fanebust går også inn for å satsa på lokal arbeidskraft.
? Me går for kompetanse på alle felt. Og tidlegare tilsette ved Iglo Manger stiller sjølvsagt sterkt med si erfaring. Det er ønskeleg at dei som arbeider her skal bu så nær som mogleg, seier Fanebust.
Kompetanse finn Fanebust mykje av i familien. Foreldra hans har arbeidd med fiskematproduksjon i alle år, men nett i dag malar dei golv. Kona er bedriftsøkonom, og borna prøvesmakar maten.
? Familien må ta i eit ekstra tak no. Det vert nok mykje dugnad og lange dagar i oppstartsfasen, men det gjer ikkje noko. Det er kjekt å arbeida for dette, seier Fanebust.
Borna har dessutan funne sine favorittar i det rike utvalet av fiskemat.
? Favorittane deira er fiskekaker og fiskebollar, seier Fanebust.

Plass til fleire
Bygningane på Manger kai er spesiallaga for fiskematproduksjon. No vert dei pussa opp slik at arbeidslokala vert enda betre enn før.
? Eg meiner det er viktig med trivelege lokale. Då trivst dei tilsette betre, og eg trur det kan verka positivt på produksjonen, seier Fanebust.
Nye maskiner og ny pakketeknologi skal bevara den gode smaken best mogleg. I oppstartsfasen er Fanebust ganske spent på korleis det vil gå, men han meiner bestemt at det er plass til fleire produsentar i fiskematmarknaden. I byrjinga er det butikkmarknaden og storhushaldning som er kundar.
? Det er betre å vita at ein har prøvd, enn å gå og tenka på kva som kunne vore gjort,seier Rune Fanebust.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt