Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
«Nye Knarvik» prisa til 440 millionar

«Nye Knarvik» prisa til 440 millionar

Del | |

Dersom Lindås vil satsa på eit heilt nytt vegsystem i Knarvik. er siste prislappen på minimum 440 millionar kroner.

Publisert 03.11.11 10:36
Endret 03.11.11 10:36

Det viser eit overslag som Statens vegvesen har laga i juni og som politikarane no vurderer. Saka om nye veganlegg inngår i områdeplan for Knarvik, som i går drøfta i det nye Plan- og miljøutvalet.

Vert dei nye veprosjekta gjennomført, er det snakk om byggjestart i 2016 og to års anleggstid. Rådmannen gjer framlegg om ei stegvis utbygging.

Rådmannen i Lindås satsar på at ein stor del av kostnaden kan finansierast gjennom den nye bompengepakken.
Der skal også inn ny tunnel mellom Isdalstø og Knarvik, som ikkje er med i anslaget på 440 millionar.

Fire felt
Dei største postane i Knarvik er ei ny rundkøyring ved senteret/Shellstasjonen og firefeltsveg frramfor Knarvik Senter. Det er no kalkulert til 151 millionar kroner, med gang- og sykkelvegar samt ny undergang.

Den andre store posten er parkeringsanlegg mellom sjukeheimen og Knarvik Senter til 201 millionar kroner, inkludert tunnel inn til anlegget.
Vegvesenet sjølv peikar på at anslaget for vegomleggingar i Knarvik tyder på høge kostnader, slik ein har erfaring for ved store sentrumsprosjekt.

«Vanskeleg arbeid»
Lindås kommune har jobba med desse reguleringsplanane i mange år, og som dei sjølve uttrykkjer det: «Dette er eit vanskeleg og komplekst arbeid», heiter det i vegvesenet si utgreiing.

Kommunen har sjølv fått utarbeidd to ulike mogelegheitsstudiar for det sentrale Knarvik. Begge konkluderer med at den største utfordringa er å få knytt saman dei to ulike delane av Knarvik, på kvar si side av E39. Selskapet som har utarbeidd studiane, har heilt ulike tilrådingar om korleis dette skal løysast.

Midt opp i debatten om nye veganlegg, må kommunen sjølv avklara om eit kulturhus skal koma midt i sentrum eller ein annan stad i Knarvik.

Riving og flytting?
I utgreiingane frå rådmannen vert det vist til at bygg, som BKK, Shellstasjonen, Western Ceco, Montér, vegvesenet sin trafikkstasjon og Hageland kan måtta rivast og skaffast areal litt lenger unna sentrum av Knarvik.

Vegvesenet peikar på at anslaget på 440 millionar kroner ikkje inneheld posten grunnerverv. Den planlagte nye kollektivterminalen til 40 millionar, er også utelaten frå dette anslaget.

– Planutvalet vil setja seg nærare inn i planen. Difor utsette me saka. Siktemålet er å leggja planen ut på høyring i møtet me skal ha i januar, seier leiaren i det nye Planutvalet, Jan-Erik Hope (H) til Strilen onsdag ettermiddag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt