Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nye krav til Austrheim-kyrkja

Del | |
AUSTRHEIM: Det må monterast røykvarslar i serie i alle fellesrom og rømmingsvegar i Austrheim kyrkje, er ein av fleire merknader etter eit branntilsyn tidlegare i år.
Publisert 31.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Tilsynet er utført av den interkommunale brannførebyggjande avdelinga i Nordhord-land og Gulen, NGIB. Dei påpeikar og at det må monterast leielys over alle utgangar og i rømmingsvegar. Døra til sakristiet må også snuast, slik at denne følgjer rømmingsretninga, påpeikar tilsynet.

Tilbakemelding
NGIB etterlyser også tilbakemelding på merknader etter tidlegare tilsyn.
? Me har i tidlegare rapportar bede om ei brannteknisk vurdering av kyrkja, mellom anna for å få vurdert sikringstiltak om rømmingsforholda i kyrkja, samt tilrådd tiltak for å betra tryggleiken. Me har ikkje nådd fram med denne bodskapen, og lyt difor mellombels som eit minimum setja krav om desse tiltaka, skriv NGIB i rapporten.
Avdelingsleiar Kjell Reigstad i NGIB seier til Strilen at dei ikkje har mynde til å påleggja eigaren å gjera noko med tilhøva, men greier ut saka og sender ho over til brannsjefen i Austrheim kommune. Det vert så opp til han kva han gjer vidare med saka.

Dokumentasjon
Reigstad seier alles at mange av kyrkjene i regionen sjølvsagt ikkje held same standar når det gjeld branntryggleik som moderne bygg, men at det vert arbeidd med å oppgradera branntryggleiken.
? Lindås er den kommunen som har kome lengst med dette arbeidet. Der vart det for ei god tid sidan leigd inn ein konsulent, og dei har også kome i gang med oppgraderinga, seier Reigstad.
Tilsynet tidlegare i år avdekka også at det mangla ein del dokumentasjon ved Austrheim kyrkje. I høve ei forskrift skal bygget ha tilgjengeleg dokumentasjon som viser at kyrkja er trygg i høve dei aktivitetane som føregår der. Slik dokumentasjon er totalt fråverande ved bygget, heiter det i rapporten.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt