Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Nye rundar om Haukåsen-bane

Del | |
RADØY: Planutvalet i Radøy skal i dag senda reguleringsplan for skytebane i Haukåsen ut på høyring. I mellomtida kranglar advokatane til grunneigarane og skyttarvesenet så fillene fyk.
Publisert 05.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
«Til planutvalet si orientering kan opplysast at det ikkje har vore noko form for kontakt mellom den eventuelle utbyggjar og grunneigarane om ei eventuell frivillig grunnavståing», skriv advokat Kjell-A. Helland.
«Det har vore muntlege sonderingar med dei aktuelle grunneigarane, utan at desse så langt har gitt signal om dei vil medverka til frivillig avståing», er ordlyden frå advokat Sven Knagenhjelm på vegner av Radøy skyttarlag og Det Frivillige Skyttarvesen.
Det Helland omtalar som mangel på kontakt, er ikkje nærare omtalt i framlegget til reguleringsplan. Det er truleg for å tåkelegga korleis grunneigarane stiller seg, skriv Helland.

«Ingen ulemper»
Motparten si advokat meiner det er naturleg at grunneigarane vel å ikkje binda seg på førehand til frivillig avståing. Grunnen er at dei reknar det som mogeleg at planen ikkje vert vedteken av politikarane
DFS og skyttarlaget er på si side villige «når som helst å innleia drøftingar med grunneigarane om frivillig avståing, og vil gjera sitt for å klara opp i mogelege mistydingar når det gjeld ulemper i samband med skytebane», skriv deira advokat.
Det er ingen grunn til å tru at skytebane i Haukåsen vil føra til driftsmessige ulemper for grunneigarane, skriv advokat Knagenhjelm.
Han viser til at dei fleste skytebaner i landet har tilsvarande lokalitetar, utan at det medfører ulemper av betydning.
Når skytebana ikkje er i bruk, det aller meste av tida, kan eigaren framleis kunna bruka store delar av området til beiting, vert det vist til. Erfaringar viser at hestar og andre husdyr ikkje vert skremde av skyting. Like ved Årvoll skytebane i Oslo er det no planlagt eit hestesenter, går det fram av brevet.
Grunneigarane sin advokat meiner både sikkerhetssone og støy medfører problem som «går langt ut over det areal som vert direkte berørt».
Skal planen godkjennast, «må det føreliggja ei betydeleg overvekt av argument til fordel for skytebane for at eit positivt vedtak skal vera i samsvar med lova sitt føremål», skriv Helland. Han siktar til Plan- og bygningslova.

«Mistydd» om støy
Skyttarinteressene sin advokat meiner Helland har mistydd når det gjeld sikkerhetssone og feilinformerer om støyproblema.
«I den seinare tid er det bygd mange nye skytebaner i Noreg, til dels nær bustader skriv Knagenhjelm. Han viser til at utan ny skytebane på Radøy, må ein behalda bana på Manger. Der er støynivået verkeleg høgt med over 80 dB fleire stader.
Knagenhjelm viser og til at Haukåsen er avsett til skytebane i kommuneplanen som vart vedteken i september 2005.
Det sterke friluftsinteressene i Haukåsen som turområde, er ikkje omtalt i breva frå nokon av advokatane.
Framlegget til reguleringsplan vert truleg liggjande ute til slutten av mai.
Då kommunestyret opna for skytebane i Haukåsen, vart det presisert at utbyggjar har ansvar for å skaffa areal til anlegget. Godtek kommunestyret planen, kan dette opna for oreigning for å byggja skytebane, dersom ikkje grunneigarane avstår grunn frivillig.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt