Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Nynorsk-rock  frå Dalsøyra

Nynorsk-rock frå Dalsøyra

Del | |

GULEN: Brørne Hallvard og Torbjørn Mostrøm utgjer ein vesentleg del av gruppa Ferdarhag, som nyleg har lagt to singlar ut på nettet. (Foto: Fashion Moves Music)

Publisert 11.05.12 14:12
Endret 11.05.12 14:12

– Som oftast er det bror min Torbjørn som har idear til nye låtar, og så jobbar me vidare med dei i gruppa, fortel Hallvard Mostrøm til Strilen.

Hallvard er vokalist i gruppa Ferdarhag, som nyleg la ut singlane «Elvis» og «Is og eld» på blant anna YouTube og Spotify.

Mostrøm-brørne er oppvaksne på Dalsøyra, men no bur Torbjørn i Bergen og Hallvard i Oslo.

På nynorsk

Gruppa lagar både tekstar og melodiane sjølve, og tekstane er på nynorsk.

Gruppa har eksistert sidan nyttår, og felles for alle medlemene er at dei har gått på Kongshaug musikkgymnas i Os.

– Men på litt ulike tidspunkt. Tre av oss gjekk der på same tid, fortel Hallvard.

Tekstane er på nynorsk, og Hallvard vil kalla musikken skikkeleg rock.

Det litt spesielle gruppenamnet har dei henta frå eit dikt av Nynorskens far, Ivar Aasen.

– Ferdarhag betyr det du har med deg i sekken når du er ute på reise.

Me likte både klangen i namnet og innhaldet, seier Hallvard.

Viss nokon skulle dra kjensel på namnet, var han med i «Idol» i TV2 i fjor haust, men forsvann ganske tidleg.

Bergensdebut denne veka

Torsdag kveld fekk gruppa sin debut i Bergen. Då spelte dei på Kvarteret.

Framover vil bandet konsentrera seg om å laga nye melodiar til nye opptredenar.

– Me er eit typisk live-band, seier Hallvard.

Til no har bandet mest øvt i Oslo.

PÅ NETTET: Gruppa Ferdarhag har nyleg lagt ut to melodiar på nettet. Med i gruppa er Hallvard Mostrøm (bildet). Vokalisten deltok i «Idol» i TV2 i fjor haust. Resten av gjengen er Gjermund Skyttemyr (trommer), Torbjørn Mostrøm (gitar), Børge Goa (gitar) og Ruben Fredheim Oma (bass). (Foto: TV2) PÅ NETTET: Gruppa Ferdarhag har nyleg lagt ut to melodiar på nettet. Med i gruppa er Hallvard Mostrøm (bildet). Vokalisten deltok i «Idol» i TV2 i fjor haust. Resten av gjengen er Gjermund Skyttemyr (trommer), Torbjørn Mostrøm (gitar), Børge Goa (gitar) og Ruben Fredheim Oma (bass). (Foto: TV2)

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tok årets første bad

Tok årets første bad

MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

    Tog og is uansett ver og vind

    Tog og is uansett ver og vind

    Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

      Til NM med tidenes verste fødsel

      Til NM med tidenes verste fødsel

      Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

        - Elvemuslingen er ikkje daud!

        - Elvemuslingen er ikkje daud!

        MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

          Skodvin får ikkje meir tid

          Skodvin får ikkje meir tid

          LINDÅS: Rådmannen seier nei til å utsetja nedlegginga av Skodvin skule.

            Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

            Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

            RADØY: Ein mann fekk ein lettare kuttskade i armen, i samband med at det utvikla seg røyk i maskinrommet til ein båt til kai ved Radøygruppen onsdag i 14.30-tida.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler