Nytt knall-resultat for Statoil Mongstad
Endret 20.08.07 10:49
Med bortimot full kapasitetsutnytting er kring 10 millionar tonn råolje behandla og levert som bensin og andre produkt frå Mongstad i løpet av fjoråret.
Ness er som vanleg avskoren frå å gje konkrete svar på Statoil Mongstad si økonomiske dift. Det lengste han går, er å stadfesta at resultatet er på linje med 2005, som også var eit svært godt år for raffineriet og resten av driftsområda på Mongstad.
Det media er informert om via ulike kjelder, er at resultatet på Mongstad kom opp i kring to milliardar kroner i 2005. Ut frå Ness sine kommentarar er resultatet på same nivå i 2006.
Ness seier at regulariteten på Mongstad truleg er den beste blant dei raffineria ein kan samanlikna seg med i Europa.
? Me har også bak oss eit godt år når det gjeld Helse/Miljø/ Sikkerheit. Det me er dårlege på, er energiutnytting. Og det er som kjent noko me vil retta opp når me får bygd eit krafvarmeverk, seier Kåre Ness.
Kan få Merkel på Besøk
Mongstad vil i løpet av 2007 få besøk av mange delegasjonar i samband med gasskraft og CO2-reinsing. Blant dei som kjem, er kanskje også forbundskansler Andrea Merkel.
? Det me kjenner til, er at det er stor interesse for CO2-reinsinga i Brussel, seier informasjonsleiar Kåre Ness. Han viser til at utsleppa av klimagassar som CO2 er eit høgaktuelt tema ikkje berre her i landet, men også innan EU.
Når det gjeld besøk av til dømes Andrea Merkel, kan Ness så langt berre halda seg til det han har fått med seg i media. VG-nett gjekk i desember ut med ei melding der statsminister Jens Stoltenberg var referert på at han vil ha Merkel til Mongstad.
? Eg vil ta ho med til Mongstad, og gjerne ut på ei plattform, sa Stoltenberg om gjenvisitten han vil invitera Merkel på. Statministeren besøkte den tyske statsminsteren i Berlin.
Merkel, som er kåra til verdas mektigaste kvinne, stillte seg i følgje Stoltenberg ikkje avvisande til eit Noregs-besøk.
Gass-start om ein månad
Statoil Mongstad planlegg å markera anleggsstart for gasskraftverket i løpet av den nærmaste månaden.
? Nokon dato er ikkje fastsett, men det kan verta alt i slutten av januar, opplyste Ness til Strilen torsdag ettermiddag.
Ness seier at selskapet har stor pågang frå media som vil ha informasjon om utbygginga. Difor er det under utarbeiding ei informasjonspakke som vert lagt fram ved markeringa av anleggsstarten.
? Me vil ha ei mindre markering av første spadestikket. Det som er avklart, er at Leif Solberg vert prosjektleiar, som han var ved Vestprosess-utbygginga. Han vil ha kontor både på Mongstad og i Stavanger, opplyser Ness. Når det gjeld kostnader, går Statoil førebels ikkje ut med andre tal enn at anlegget er kalkulert til kring fire milliardar kroner.Full krangel om telt
på Kvingo
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





