Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Offentleg byggjeboom til 300 millionar

Del | |
Den lokale byggjebransjen kan ikkje berre håpa på oppdrag med gasskraftverket på Mongstad. Lokale skular, barnehagar og andre prosjekt for kring 300 millionar er også like rundt hjørnet.
Publisert 09.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Går alt etter planen, vil Statoil Mongstad i løpet av ein månad markera første spadestikk på gasskraftverket som skal vera i drift i 2010. På førehand er prislappen stipulert til fire milliardar kroner.
Den lokale byggjebransjen tek sjølvsagt sikte på å sikra seg ein bra bit av denne kaka, til dømes som underleverandørar til større selskap.
Men lokale firma innan bygg og anlegg kan også sjå fram til heftig utbygging i offentleg regi både i Knarvik og på Radøy. Skular, barnehagar og andre prosjekt står i kø i 2007 og 2008.
Ei summering Strilen har gjort, viser at det etter alt å døma vert snakk om 300 millionar kroner om ein tek med prosjekt som vert sluttførte i 2009.

Hett i Knarvik
Det er først og fremst i Knarvik det vert ei heftig utbygging av offentlege bygg i tillegg til bustadbygginga.
Knarvik vidaregåande skule, med bygningar frå midt på 1960-talet, kan omsider sjå fram til eit etterlengta tilbygg på tidlegare Lindås Gymnas. Fasadeteikningar er klare og skulen håpar på byggjestart til sommaren. Elevtalet på denne avdelinga på Juvikstølen vil auka frå 300 til 600.
Dette er trinn 1 av utbygginga av skulen. Når fylket gjev grønt lys for trinn 2, vert det dobbelt så stort, kring 7000 rutemeter.

Kommunen i startgropa
For Lindås kommune står også prosjekta i kø i Knarvik.
? I slutten av januar vil me avklara kven av to inviterte firma som får oppdraget med Juvikstølen barnehage. Me tar sikte på byggjestart i mars, seier prosjektleiar Terje Fauske.
Kommunestyret har sett ei ramme på 30 millionar for ein barnehage med plass til 135 born. Fauske reknar med at ramme skal haldast, sjølv om høg aktivitet pressar prisane.
? Utvidinga av Knarvik ungdomsskule kan tidlegast påbyrjast i slutten av 2007, mest truleg tidleg i 2008, seier Fauske. I tillegg planlegg ein utbygging av Leiknes skule og opprusting av Ostereidet ungdomsskule. Ramma politikarane har sett for dei tre prosjekta, er 69 millionar kroner.
? Me er også rett rundt hjørnet med å koma i gang med kunstgrasbana som Trond Mohn spanderer. Kostnaden ser ut til å koma opp mot ti millionar. I Knarvik vert det snart også bygd sambindingsveg frå baneområdet til E39 i Gjervik, opplyser Fauske.
Elles er nye psykriatribustader på Lindås blant dei større prosjekta, med ein prislapp på 14 millionar. Dei skal så ferdige neste år.

Ny Sæbø skule
Ny skule er også på trappene i Austmarka på Radøy.
? Forprosjektet skal avsluttast i februar/mars. Går alt på skinner kan det så smått verta oppstart i slutten av 2007, men mest truleg tidleg neste år, seier rektor Rolf Sandstad.
Også dette er blant dei større lokale skuleprosjekta som skal ut på anbod.  Golvflata er vel 2600 rutemeter inkludert volleyballhall. Per i dag håpar Radøy å koma i hamn med 52,5 millionar kroner, rekna etter 20.000 kroner per kvadratmeter.
? Stor byggjeaktivitet kan pressa prisane, men entreprenørane bør vel også tenkja litt på at det er viktig å ha oppdrag på litt sikt, seier Rolf Sandstad.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt