Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
OK med berre ei kvinne i formannskapet

OK med berre ei kvinne i formannskapet

Del | |

AUSTRHEIM: Fylkesmannen godtek at Austrheim berre har ei kvinne av dei fem i formannskapet, trass i at dette er skral likestilling.

Publisert 12.12.11 18:12
Endret 12.12.11 18:12

Dei tre partia som har fleirtal i formannskapet stiller der med kvar sin mann, medan opposisjonen har ein mann og ei kvinne.

– Eg ser at dette har vore ei veldig innfløkt sak også for juristane, seier Venstre-representant i formannskapet Liv Ulvøy, som var med på å klaga samansettinga inn for Fylkesmannen.

Svaret frå det statlege embetet kom som melding til kommunestyret sist onsdag.

– Eg har vore spent på utfallet av saka, og tenkjer at det uansett var greitt å få dette avklart.

Fleirtalskoalisjonen med Ap, KrF og Sp ville ha tre menn inn i formannskapet på sine tre plassar, noko dei klarte ved å dela «sine» plassar på to lister. Den framgangsmåten for å unngå kvoteringsreglane, er i følgje Fylkesmannen OK.

Menn i fleirtal
I kommunestyret er fire av dei sytten representantane kvinner. Onsdag var det to kvinner som ikkje møtte, men med kvinnelege vararepresentantar vart kjønnsfordelinga likevel 4-13 i dette møtet, med menn i stort fleirtal.

– Eg synest det er for dårleg med fire kvinner i kommunestyret, seier Liv Ulvøy.

– Folk i Austrheim må tenkja på at ein må ha damer med i politikken, og eg er heilt sikker på at det er oppegåande damer rundt om som kan gjera ein innsats her.

Den jobben må i så tilfelle starta heilt frå nominasjonsprosessen, ved å sikra at kvinner kjem høgt på listene, og gjerne med stemmetillegg (kumulering). Jamt over er det ein tendens til at menn får fleire kryss enn kvinner, og sjølv med stemmetillegg vil kvinner rykka bakover i køen.

Ved valet i Austrheim i haust var det fleire døme på dette. KrF har to menn inne i kommunestyret, sjølv om det var ein mann og ei kvinne som var på topp. Austrheim Høgre hadde to kvinner mellom dei fem første på lista, men i gruppa på fem som kom inn er det berre ei kvinne.

– I festtalar
– Det er synd at folk ikkje har lyst å ha damer med. Dette er slikt ein snakkar om i festtalar, men det dett gjennom når det skal gjerast i praksis, seier Liv Ulvøy.

– Om me ikkje er bevisste dette med likestilling, så vert politikken fort veldig mannsdominert. For mange kvinner er det vanskeleg i utgangspunktet å engasjera seg, sidan dei må ordna med barnepass for å gå på møter. Eg er sikker på at ein treng kvinner sitt syn inn i politiske saker.

Medlemmene i formannskapet 2011-2015 er ordførar Per Lerøy (Ap), varaordførar Helge Dyrkolbotn (KrF), Reidar Øksnes (Sp). Liv Ulvøy (V) og Ernst Stellberg (H).


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt