Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Olav Nygards grav redda i siste liten

Del | |
MODALEN: Diktaren Olav Nygard si grav på Østre Aker gravlund i Oslo  stod i fare for å verta sletta. Men no har Modalen kommune betalt festeavgift.
Publisert 31.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Lyrikaren Olav Nygard (1884-1924) er truleg den mest kjende personen som kjem frå Modalen. Han er rekna som ein av dei store innan norsk lyrikk. Han budde dei siste åra av livet sitt på Oppsal i Oslo og vart gravlagd på Østre Aker gravlund. Men der har grava forfalle dei seinare åra, og i sommar oppdaga ei dame at det hang lapp på grava om at viss ikkje festeavgifta vart betalt innan utgangen av november, ville grava verta sletta.

Tipsa Dag og Tid
Dama som oppdaga lappen, tipsa nynorskavisa Dag og Tid om det som var i ferd med å skje. Der greip tidlegare Strilen-journalist Ottar Fyllingsnes tak i saka. Han ringde ordførar Knut Moe i Modalen og gjorde han merksam på at festeavgifta ikkje var betalt. Dette har avisa eit oppslag om i siste nummer.

Mistyding
? Me hadde saka oppe i kommunen i 2002 og vedtok då at kommunen skulle betala festeavgift for grava. Men her har det nok vore kommunikasjonssvikt, slik at dette vedtaket ikkje vart følgd opp, seier Knut Moe til Strilen.
No er det ordna opp i dette, slik at grava ikkje vert sletta.
Men grava er og ustelt, og gravsteinen er tilgrodd, slik at inskripsjonen er vanskeleg å lesa.
Moe meiner at ein også må finna ei løysing på dette, og han har bede kulturkontoret sjå på saka.
? Det finst ei veneforeining for Olav Nygard. Kanskje kan dei ta på seg å stella grava, seier Moe.
Han tykkjer absolutt det er viktig at grava til den vidgjetne modalingen vert halden i stand.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt