Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Oldemor til 50

Oldemor til 50

Del | |

LINDÅS: Ingeborg Matilde Angelskår kan gleda seg over å ha mange etterkomararar. Nyleg fekk ho sitt oldebarn nummer 50, og nummer 51 er på veg.

Publisert 20.10.11 12:57
Endret 20.10.11 12:58

– Det er kjekt med born, barne­born og oldeborn, og alle har fått vit og forstand, seier Ingeborg Matilde Angelskår (96) når Strilen stikk innom huset hennar i Mundal for å markera olde­barnjubileet. Det er nok ikkje så mange som kan skilta med å ha 50 oldeborn.

Sjølv om helsa ikkje er slik ho har vore, bur Matilde (ho brukar berre det førenamnet) framleis heime i Mundal. Men ho deler hus med eit barnebarn og familien, så ho er ikkje åleine.

49 og 50
Vesle Aron Romarheim er olde­barn nummer 50. Han vart fødd 17. september, og berre ei veke før kom nummer 49, Tor-Isak Romarheim.

– Ho sa då nummer 50 vart fødd, at no kom ho vel i avisa. Men etterpå har ho sagt at ho berre spøkte, smiler dottera Solveig Romarheim, bestemor til dei to siste oldeborna.

Men no kjem ho i avisa likevel

Foto på veggene
Og den talrike familien er også godt representert på veggene i stova. På den eine veggen heng brudebilde av alle borna som er gifte,  på ein annan konfirmasjonsbilde av nesten alle dei 37 barneborna . På ein tredje vegg heng brudebilde av ho sjølv og mannen Andreas og i tillegg brudebilde av dei fleste barneborna som er gifte.

– Ho vil ha bilda slik at ho hugsar namna når ho skal be for dei, fortel dottera.
For mora har ei sterk kristen­tru.

I Guds hand
– Då me var små, og me er elleve søsken, var ho alltid roleg og kavde seg aldri opp om me sprang høgt og låg, for ho la oss i Guds hand og meinte han passa på oss, seier dottera.

Familien har alltid vore kristeleg engasjerte, og både mannen og eldste sonen Ole, som no begge er døde, har vore aktive i bedehuset. Mannen var også engasjert i lokalpolitikken i Lindås og fekk kongens fortenstmedalje i sølv for innsatsen.

– Men mor har alltid konsentrert seg om familien og det heime, seier dottera.

Besøk kvar dag
Ni av dei elleve borna har slått seg til i nærområdet, medan ei dotter bur i Kristiansand og ei på Voss. Dei fleste barneborna og oldeborna bur og i Nordhordland.

– Me åtte søskena som lever og bur her, har laga oss ein turnus, slik at mor skal få besøk minst ein gong kvar dag, fortel Solveig Romarheim, som er den nest yngste av borna.

Nitten år
Dei elleve borna er fødde i tidsrommet frå 1938 til 1957. I tillegg tok Matilde og mannen også til seg ein fosterson, så det var folksamt i heimen i Mundal.

– Dei større borna måtte passa på dei mindre, seier Solveig.

Sidan det er stor aldersforskjell på borna, er det naturleg nok også det same på barneborn og oldeborn. Det yngste barne­barnet er fødd i 1988, same år som det første oldebarnet vart fødd. Men så langt har Matilde ikkje vorte tippoldemor.

Frå Bømlo
Matilde Angelskår er oppvaksen på Gåsland i dåverande Bremnes kommune på Bømlo i Sunnhordland. Ho kom til Mundal som tenestejente, og slik møtte ho ektemannen Andreas. Han var fødd på Osterøy, men overtok garden i Mundal etter besteforeldra.

– Mor elskar å ha familiebesøk, og kvar 21. juni, når ho har fødselsdag, er det stort selskap her i Mundal. Som oftast er veret godt, og då er me ute i hagen, seier Solveig Romarheim.

Ho fortel at dei er ein familie som held saman og har mykje kontakt, så Matilde ser mykje til den talrike slekta si. Besøka skriv dei inne i ei eige bok, slik at ho kan halda oversikta.

Når du har nesten hundre etterkomarar, kan nokon kvar koma ut av teljinga.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt