Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ole (15) bygde sin eigen båt

Del | |
MELAND: Ole Corneliussen (15) sjøsette tysdag seglbåten han har arbeidd med i halvanna år. 
Publisert 17.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
«Dei sa me aldri ville klara det, men me gjorde det» heiter det i eit kjend slagord. Slik var det også då Ole Corneliussen (15) frå Frekhaug for halvanna år sidan bestemte seg for å byggja sin eigen båt.

Pirates of Caribian
Ole såg filmen «Pirates of Caribian», og såg ein båt i ein av scenane i filmen. Då bestemte han seg for å laga ein slik båt sjølv.
? Det var fleire som sa at eg aldri kom til å få til dette. Men dei høyrde eg ikkje på, seier den ferske båtbyggjaren.
Utan peiling på båtbygging, og utan anna teikning enn den han hadde i hovudet, sette Ole i fjor vår i gang med å laga kjøl og spant. Dette dekka han med bord. Masta høgde han sjølv i skogen. Segla fekk han hjelp til av Seilmaker Iversen. Han fekk noko seglduk hjå dei, og fekk også berekna korleis seglet burde konstruerast.
Faren til Ole, Truls Corneliussen, sydde segla. Ole har og sikra seg ei lensepumpe, som han har kopla til batteri. Litt teknologi må til, også i ein seglbåt.
Ole kunne heller ingen ting om segling. Difor reiste han tidlegare i år til onkelen på Fitjar, og fekk der opplæring i segling av optimistjolle.

Brukte lommepengane
Etter mange lange kveldar og bruk av alle lommepengane, kunne Ole sjøsetja båten tysdag. Litt dramatikk var det då det fossa inn vatn i båten. Ein skikkeleg nedtur. Men det viste seg at han hadde gløymd å setja i pluggen i botnen av båten. Oppturen etterpå då det viste seg at båten var så godt som pottetett, kan truleg samanliknast med at Brann ligg under 0 - 2 og vinn kampen 3 - 2.
Far til Ole, Truls Corneliussen, seier at guten alltid har vore oppteken av spesielle prosjekt, og at han evne til å gjennomføra dei. For ei tid tilbake fekk han tre frædde hønseegg, og dei skulle han prøva å få ruga ut utan rugemaskin.
? Eg fann eit akvarium, to 60 watt lyspærer og ein temperaturmålar. Temperaturen skal liggja jamt på 37,6 grader, fortel den oppfinnsame og handlekraftige 15-åringen.
Det kom ein kylling ut av eitt og egga. Den lever framleis, og er for tida på ferie lenger ute på øya.

? Gå for draumane
Faren Truls er heller ingen båtbyggjar, så dette prosjektet har Ole gjennomført åleine. Men Truls var som 12-åring med som assistent då faren hans bygde båt. Den båten fekk namnet «Cornelia». Båten til Ole har difor fått namnet «Cornelia II».
? Eg har alltid sagt at dersom ein har ein draum eller mål, så gå for det, seier Truls.
Ole byrjar i desse dagar i 10. klasse på Meland ungdomsskule.
? Kva planar har du etter det?
? Det vert vel ein eller annan form for vidaregåande skule ? kanskje allmennfag. Eg trur nok ikkje det vert noko innan båtbygging, flirer Ole.
Han såg fram til torsdag og fredag. Då var det meld skikkeleg mykje vind, og ein kan vera trygg på at Ole då vert å finna på sjøen i den nye seglbåten.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt