Oljekatastrofe trugar Fedje
Endret 20.08.07 10:49
Før kl. 10 er Walderhaug på plass ved Fyrsunder sør på Fedje og gjev denne korte oppsummeringa til Strilen:
? Det er ein del oljesøl i sundet, men det ser ikkje så gale ut. Men eg må nok ut i båt for å få full oversikt.
? Kallar du dette ein oljekatastrofe?
? Ja, det er ein katastrofe når ein 33.000-tonnar går på grunn rett utanfor Fedje, seier Walderhaug like før han vert intervjua på NRk si direktesending. Laurdag føremiddag går fleire av dei riksdekkjande TV-kanalar ut med ekstrasendingar. Walderhaug reknar med at dette kan setja nytt fokus på oljevernet. Bt.no, Strilen si heimeside og andre media viser no foto av oljesøl tatt av folk på Fedje for Kystverket.
Kaptein Kjell Thomassen på slepebåten Baut, som assisterte etter grunnstøytinga, seier at det var oljeutslepp i Hellisøyområdet alt rundt midnatt fredag kveld.
? Det var mørkt og me måtte bruka lyskastarar, så eg kan ikkje gje nokon peikepinn på kor store mengder som har kome ut, seier Thomassen. I følgje bt.no er det snakk om 270 tonn, og det første oljesølet skal ha kome inn til land. Elles viser han til at det er Kystverket som skal styra all informasjon kring aksjonen som no er sett i gang på Fedje.

Kjell Samnøy, som har lagerplass for Kystverket sitt minidepot på Fedje, fotograferte oljesøl på land i Fyrsundet alt ved 01.30-tida natt til laurdag.
? Det var grisa godt til med olje, men kor mykje var det ikkje lett å sjå avdi det var mørkt. Men det lukt fælt, seier Samnøy. Han opplyser at minilageret består at to kontainerar med lenser. Desse reknar han med vert tekne i bruk laurdag når det vert lyst, saman med andre lenser.
Laurdag føremiddag hadde vinden løya. Vinden har vestleg retning, og dermed kan det vera andre område enn Fedje som også er utsett for oljesøl.

? Mannskapet er i god behald, melder Borghild Eldøen ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg til Strilen fredag kveld.
Offiserane ombord er greske, medan resten av mannskapet kjem frå andre land, hovudsakleg frå Indonesia, fortel Eldøen.
Fredag kveld vart det vurdert slik at skipet ikkje skal trekkjast av grunn, på grunn av det dårlege veret og skadane på skipet.
Tek inn vatn
"Server" var på veg til Murmansk og lasteskipet var tomt då det gjekk på grunn, ifølgje ei melding frå Kystverket. Skipet er 180 meter langt. Det skal har vorte hol i skroget, og skipet tek inn vatn. Det blas sørvest stiv kuling (15-16 m/s) i området, og bølgjehøgda var på rundt sju meter i går tidleg på kvelden.
Fryktar forureining
? Det lukta sterkt av diesel då eg var ute der tidlegare i kveld, så det er inga tvil om at skipet lek drivstoff, seier Svein Tangen.
Han reknar og med at skipet har tungolje ombord, noko som er vanleg. Slik det no ser ut meiner han at det er store sjansar for at også det lek ut, noko som vil føra til stygg forureining på øya.
? Skipet var delvis dekka av fyret då eg var der ute, men eg såg tydeleg at det låg og rugga på seg i bølgjene. Det ligg ikkje lenge slik før det vert heilt øydelagt, seier Tangen.
Olverndepotet flytta
Sidan oljeverndepotet har vorte flytta frå Fedje, må ein langt avgarde for å skaffa oljevernutstyr.
? Dette har me åtvara mot lenge. Det er eit hell oppi det heile at det ikkje var ein oljetankar frå Sture som gjekk på grunn. Men det finst mange døme på stygg forureining også frå bulkbåtar, seier Tangen, som ikkje gler seg til det synet fedjingane kan risikera å møta i morgon når det lysnar.
Vinden skal ha løya litt, men det er truleg lite ein får gjort med skipet no når det er møkt og framleis bles friskt.
585 tonn tungolje
Ifølgje av ei melding frå Kystverket seinare på kvelden, går det fram at skipet hadde 585 tonn tungolje ombord, og 75 tonn diesel. Tungolja er det største problemet i høve forureining av kysten.
Kystverket melder vidare at det interkommunale utvalet mot akutt forurensing (IUA) i Bergen også er mobilisert.
Kystverket stadfestar og i meldinga at det er olje- og diesellukt i området. Dei kunne likevel ikkje stadfesta at det har gått hol på olje- og dieseltankane. Fire slepefartøy, samt kystvaktskipet ?Ålesund? er ved havaristen. KV ?Ålesund? har oljevernutstyr om bord, melder Kystverket. Ytterlegare to kystvaktfarty med oljevernutstyr er på veg til området. Desse er venta å koma fram i løpet av natta/tidleg morgon. Verforholda i området er vanskelege. Aksjonsleiinga vurderer kontinuerleg kva tiltak dei skal setja i verk ved havaristen. Vinden er meldt å variera utover natta, med topp på rundt 20 m/s klokka 01.00 i natt, men fram mot morgonen og utover laurdagen skal vinden avta.
Går ein inn på linken «skipstrafikk» til venstre på strilen.no, kan ein følgja all båttrafikken i samband med redningsaksjonen.
Klar med utstyr
? Me har fått lasta utstyr for opptak av oljesølet i heile natt, både frå CCB og det interkommunale lageret i Austrheim. Dessutan er det etablert beredskap frå Sture og Mongstad, seier Kystverket sin stasjonsleiar i Bergen, Arvid Kråkenes til Strilen like før kl. 09.30 laurdag morgon. Han reknar ikkje med at det vert brukt for det vesle av lenser som er ved minilageret på Fedje.
Ut over dette viser Kråkenes til Kystverket si informasjonsteneste. Mobilen Strilen har fått opplyst som Kystverket sin informasjonstelefon, er slått av ved 09.30-laurdag. Den som skal ta seg av informasjonen er laurdag morgon truleg på veg til Bergen med fly, for seinare å informera frå Fedje.
Ekstratur kl. 11.30
For å dekka transportbehovet til Fedje, vil M/F Fedjefjord gå ekstratur frå Sævrøy kl. 11.30 laurdag, opplyser kaptein Vidar Sandberg til Strilen kl. 09.45.
? Sidan vinden er vestleg kan det nok vera olje som driv forbi Fedje, men kor den eventuelt kan koma i land, er det uråd for meg å seia no. Det kjem også an på straumtilhøva. Men me kjenner oljelukt på turane mellom Fedje og Sævrøy, seier Sandberg.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





