Oljesøl påvist på Radøy, Austrheim og Gulen
Endret 20.08.07 10:49
Legg ut lenser
I Austrheim er det påvist olje frå Baløy i nord til Hopland-kaien i sør, opplyser teknisk sjef Arne Aven. Kommunen har ti mann i sving med å observera og gjera tiltak i samband med oljesølet. Ved eit område på Baløy er det snakk om ein tjukk oljegraut, og denne prøver dei å stengja inne med lenser og å ta opp noko av olja. Elles er oppgåva å melda i frå om funna til Kystverket.
? Me sjekka i same området også søndag, utan å finna noko, bortsett frå at me fekk inn ei melding om eit funn på Baløy på ettermiddagen, seier Aven. Det ser altså ut som at olja kom inn i løpet av natta. Aven oppmodar elles folk om å gje beskjed til kommunen dersom dei oppdagar olje.
Funn i Gulen
? Me har sett oljefilm både på Vassøy, vest for Byrkensøy, og andre stader i Gulen. Men det er berre snakk om små mengder, seier Geir Haveland i Gulen kommune til Strilen.
I går var ein båt frå kommunen rundt i øyane for å sjå om olje har drive i land så langt.
I Eivindvik har Kystverket eit mindre depot med 500 meter lenser, og desse vart i går køyrde ut til Byrknes for å vera i beredskap viss der dukka opp meldingar om olje.
? Me vil leggja lenser over Nesvågen på Byrknes for å hindra at eventuell olje når merdane ved slakteriet der, seier Haveland.
Også ved ein molo på Vassøya vil der verta lagt ut lenser.
Tysdag ettermiddag kunne Geir Haveland i Gulen kommune melda at det var funne litt olje i Riseskåra ved Sygnefest i Sognefjorden. Det var også funne klumpar av olje i Dingjavågen, og elles fleire mindre funn av oljerestar på forskjellige stader i øyane i ytre Gulen.
Mindre flekker
På Radøy er det også funne mindre flekker som har vorte tilsølt av olje. Det gjeld mellom anna ved Marøy og inne i Syltavågen.
? Det er snakk om mindre flekker på 50 - 100 kvadratmeter, fortel brannsjef Einar Færø til Strilen.
Frå kommunen har dei hatt ute ein båt og om lag 20 mann som har sett etter oljerestar. Men på Radøy har dei ikkje lenser som kan brukast i anna enn stille ver. Viss dei treng noko meir, må dei får det frå Kystverket.
Også fiskeoppdrettar Arthur Marøy fortel om små flekker med oljefilm enkelte stader. Han har også sett sjøfugl med olje på fjørdrakta, men ikkje daud fugl.
Dei har oppdrett både i Toskasundet og Hoplandsosen og følgjer med på om olje nærmar seg. Men lenser har dei ikkje, så det må Kystverket skaffa.
? Det er ei trist melding at meir uver kan gje meir utslepp frå forparten av «Server». Men me er klar over den faren, seier Fedje-ordførar Erling Walderhaug til NRK måndag ettermiddag.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





