Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Omkjøring på «kjerreveg»

Del | |
LINDÅS: Når Seimtunnelen vert nattestengd, mest sannsynleg i slutten av neste veke, kan du velja mellom fleire kronglete omkjøringsalternativ. Det er kjapopast om Kleivdal, men er det den beste vegen? Det trur ikkje Ingvald Kleivdal.
Publisert 23.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det er ei oppleving i seg sjølv å kjøra om Kleivdal, nærast ei reise tilbake i tida. Det heile startar fantastisk bra, med europaveg heilt til du tek av i Hillesvågen. Deretter tek du to kjappe til venstre, og du er på rett veg. Du har ikkje køyrd feil, sjølv om du manøvrerer deg oppover bakken gjennom eit byggefelt med 30-sone. Etter at du har passa på å ikkje fortsetja rett fram til Sætre, må du sakka farten til godt under 30. Her kjem nemleg ein høgresving av dimensjonar og totalt utan sikt. Og her startar eventyret med smal, kommunal veg, og utan lys og møteplassar verdt å nemna. Verdt å nemna er derimot alle dei uforutsigbare svingane. Turen er ei berg-  og dalbanereise, men ikkje av den moderne typen. Det humpar og ristar, og gummien klorar seg fast i det som er igjen av asfalten. Når den verste delen av vegen er overstått, kjører du gjennom tunet til Ingvald Kleivdal. Sjå opp for hunden før du tek ein skarp venstresving, to minuttar frå hovudvegen.

Gruar seg ikkje
? Det skal verta kjekt når det vert glatt, seier Ingvald Kleivdal og peikar på den krappe svingen i nedoverbakke, med holer i asfalten.
Før var krysset eit knutepunkt, no er det ikkje mykje trafikk att, noko som kanskje er like greitt. Når Seimtunellen stengjer, kan krysset igjen verta trafikkert på kveldstid.
? Problemet vert størst for dei som kjører her, ikkje for meg,  seier Kleivdal, som sjølv berre kjører om Kleivdal for avveksling ein gong i ny og ne.

Alternativ
I motsetnad til vegen om Kleivdal, der du stort sett har vegen heilt for deg sjølv, kan du om Skare treffa på både hestar, turgåarar, skuleborn og bilar. Det første kvarteret frå Knarvik er prega av ei femtisone som slyngar seg mellom skular, gardar og relativt tett busetnad. På grunn av svingete og smale vegar, meir trafikk og busetnad, tek det nærare 25 minutt å kjøra om Skare. Men vegdekket er betre enn om Kleivdal. Vegen om Hjelmås og Vaet har betre standard, og kan trygt vera eit alternativ til berg- og dalbane.
Kva omkjøring som er den beste, kjem alt an på kva som er viktigast for deg. Om du er glad i bilen din, tek du deg nokre minuttar ekstra bak rattet.




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt