Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Omkom i trafikkulukke

Del | |
LINDÅS: Ein 25 år gammal mann frå Myking omkom i ei trafikkulukke på Vågseidet natt til søndag
Publisert 30.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det var på riksveg 57 på strekninga mellom Lindås-tunnelen og krysset på Vågseidet at det gjekk frykteleg gale for den 25 år gamle mannen natt til søndag.

Slengt ut
Bilen var på veg sørover frå Lindås då den gjekk i spinn og traff både autovern og fjellvegg.
? Sjåføren vart slengt ut av køyretyet og døydde truleg momentant. Det vart forsøkt oppliving utan at det nytta, seier lensmann Einar Vatne.

Passasjer
Ei 27 år gamal kvinne som var passasjer i bilen hadde setebelte på, og vart sittande igjen i bilen. Ho slapp frå ulukka utan alvorlege fysiske skadar, og kom heim frå sjukehus søndag, opplyser Vatne.

Kraftig samanstøyt
Ulukka vart meld til politiet klokka 01.00. Bilen ser ut til å først ha støytt i autovernet, før den har truffe fjellveggen. Nærare femti meter av autovernet har blitt rive opp med pælane, og havna i grøfta og oppe busker og tre etter det fatale samanstøytet.
? Skadane på rekkverket og køyretyet kan tyda på stor fart, men årsaka til ulukka må me koma tilbake til når me får svar på undersøkingane som er gjort på staden, seier Vatne.
Ingen andre bilar skal ha vore innblanda i ulukka.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt